Velkomen til Norsk folkedraktforum
Organisasjonen Norsk folkedraktforum (Nff) vart stifta i 1995 og er ein landsdekkjande organisasjon som arbeider med norske bunader som er ei vidareføring av folkedraktene som ikkje var ute av bruk før dei vart tekne i bruk som bunader, eller bunader som er rekonstruerte folkedrakter. Som medlem i Norsk folkedraktforum vil me ivareta tradisjonelt handverk og vidareføre kunnskap om materiell og immateriell folkeleg drakttradisjon. Me vil synleggjera dette gjennom bunadbruk i dag.
Foto: Anny Strand