4. februar 2025 er dagen då vi fornyar nettsidene våre. For 30 år sidan samla driftinge bunadfolk på Røros og la grunnlaget for dagens organisasjon. Vi i styret er imponerte over alt som er gjort, og ønskjer å gje langt fleire innsyn i ulike sider av arbeidet med bunad og folkedrakt.
Arbeidet med å fornya nettsida starta på årmøtet i 2024 på Rjukan. Styret fekk lov å bruka inntil kr. 100 000,- på ny nettside. Målet for den nye sida har vore fleire ting:
Moderne uttrykk - dei fleste nettsidene må fornyast med jamne mellomrom
Nytt stoff - gje lesaren innsyn i kva vi driv med - Vi ønskjer nye medlemmer
Mange og nye foto - Takk til medlemmane som stilte opp som fotografar og bunadmodellar på Tynset og har sendt oss andre foto også.
Den nye sida er lett å vedlikehalda, og å skriva artiklar på.
Dette er ikkje noko me har snekra saman sjølve. Me henta inn tilbod frå fleire leverandørar. INCREO heiter firmaet som har laga sida vår i Webflow. Og Andreas er mannen som har losa oss gjennom prosessen. Me har hatt idemøter, vurderingar og opplæring.
Me er ikkje i mål med å legga inn stoff. Det vil komma meir etterkvart, både nytt fagleg og meir frå arkivet til Nff.
God lesnad!