For oss som tok initiativ til å starte opp Norsk folkedraktforum først på 1990-talet er det fantastisk å sjå alt som har skjedd i Nff i løpet av dei 30 åra som har gått.
Sjølv presenterte eg dei første rekonstruerte kvinnebunadane frå Nord-Trøndelag i september 1992. Behovet for eit nettverk med andre som arbeidde med rekonstruksjon meldte seg raskt. Gjennom kurs og samlingar hos Bunad- og folkedraktrådet vart eg kjent med andre som hadde same interesse. Under opninga av OL på Lillehammer i 1994 brukte dei fleste skiltbærarane bunader som var i ubroten tradisjon eller rekonstruerte etter den gamle kleskikken. Fleire av oss som deltok på opningsseremonien på Lillehammer snakka under OL om å starte ein nettverksorganisasjon. Det vart bestemt å sende ut invitasjon til alle vi visste dreiv med denne type bunader. Møtet vart på Røros 3. – 5. februar 1995. Arrangørkomiteen var Randi Gullikstad, MargotSollie, Lillan Evensen og Berit Bjerkem. Vi sendte ut ca 30 invitasjonar. Det møtte opp 65 stk + kultursjef og presse! Magny Karlberg hadde hovedinnlegget på det innleiande møtet. Etter dette rulla ballen og innan året var ute, så varNorsk folkedraktforum stifta.
Har så draumane vi hadde under stiftingsprosesen blitt verkelege - blitt oppfyllte? Eg trur vi må seie at dei har blitt meir enn det. Vi fekk det nettverket og dei gode bunadvenene vi syntes vi trong. Vi har reist på studieturar til alle nordiske land og til både Nederland, England og baltiske land. Kor mange museum vi har besøkt har eg ikkje forsøkt å telje.
Dei fleste fagseminara har vorte arrangerte i nærområda til medlemane våre og på den måten har vi fått kjennskap til den gamle lokale klekulturen over heile landet, fått omvising på lokale museum og lært om anna lokalkultur. Vi var alle «læresveinar» hos Magny Karlberg og Aagot Noss. Vi såg opp til dei og tinga dei til forelesarar så mykje som vi syntes vi kunne.
Det som også gled meg er at dei rekonstruerte bunadane har blitt akseptert og etter kvart ser ut til å bli populære. Mange av våre medlemar lever av å sy bunader for hand. Det gamle handverket blir halde i hevd!
Norsk folkedraktforum har aldri vore ein stor organisasjon. Men vi kan gle oss over at nye unge medlemar dukkar opp og blir aktive i Nff. Medlemstal og deltakartal på kurs og møte held seg oppe. På toppen av alt har så norsk bunadbruk kome på UNESCO si representative liste over verneverdig immateriell kultur – sjølsagt utan at Nff har hatt hovudansvaret for dette. Men Nff har vore ein viktig del i forarbeidet!
På Røros vart det vald eit interimstyre med desse medlemane: Lillian Evensen, MargotSollie, Randi Gullikstad, Berit Bjerkem og Jarle Sanden. Vara: Toril Fossnes og Gunhild Nordby. Desse konstituerte seg sjøl på møte 2. mars 1995 med Berit Bjerkem som leiar. 30. sept. 1995 vart det stiftingsmøte med 35 deltakarar på Valdres Folkehøgskole. Interimstyret vart vald til styre. Faglegdel: Omvising hos Bunad og folkedraktrådet og hos Valdres folkedraktsaum. Alt frå starten vart det arrangert to samlingar i året. Årsmøtet i mars og fagseminar eller studietur om hausten.
Eg ønskjer Norsk folkedraktforum til lukke med den nye heimesida og med arbeidet framover.
Bjerkem 4. februar 2025 Berit Bjerkem