Årsmelding 2023

Årsmelding for Norsk folkedraktforum 2023 Medlemmar: Organisasjonen hadde pr 31.12.2023 138 medlemmar, av desse var 7 nye dette året. 8 medlemmer er strokne, pga manglande innbetaling.

På studietur til Danmark i oktober 2023. Foto: Johan

Styret

I styret sit:

Leiar: Målfrid Grimstvedt, Tananger

Nestleiar: Ellen Rundereim, Gol

Styremedlem: Camilla Goffeng, Hølen

Referent: Helge Gudheim, Ulnes i Valdres

Kasserar: Astrid Tanem Husøy, Tyristrand

1.varamann: Ole Kristian Gundersen, Kristiansund

2.varamann: Lise Skoug Obel, Lillehammer

Styret har hatt 7 styremøte – tre fysiske møter; i mars på Toten, i april i Oslo og i september på Fagernes. Firemøter var på telefon/video. Styret har handsama 46 saker.

Årsmøte med kurs ogseminar 2023

41 deltakare var samla til kurs, seminar og årsmøte på Toten 18.-20.mars 2023. Der hadde ikkje vinteren sluppe taket. Takk til Ellen Rundereim som saman med Lise Talleraas planla og la tilrette for eit innhaldsrikt og spennande seminar.

Me budde på Sillongen Toten hotell og hadde kurs, seminar og årsmøtet i Vollumfjøset på amtmannsgården Stenberg. Nytt av året var at me inviterte til kurs i tilpassing fredag.

Joar Vaagø og Camilla Goffeng var lærarar for åtte elevar som fekk hjelp til å tilpassa sitt eige plagg til kroppen. Det blei eit populært og nyttig kurs, fekk me høyra frå deltakarane.

Fredags kvelden var det medlemmanes time. Då fekk me sjå dei to rullane med handvove stakkestoff til ryfylkebunaden som Lise Skoug Obel har vove i vinter. Eli Olsen frå bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag tok imot. Det er ho som i si tid laga vevoppskriftene ut frå stoffbitar innsamla i Rogaland i 1745.

Laurdagen var me samla til seminar. Evald Kvem frå Mjøsmuseet gav oss ei innføring i tekstilar og bunader som er i museumseige. Inger Mette L. Nymoen frå bunadnemnda på Hadeland fortalde  om bunaden som er prega av ein moteprega lokal klesskikk. Til denne vever dei mange variantar av lokale verkenstoff, alle vevd heilt i ull. Ellen Rundereim fortalde kva skiftemateriale kan gje av innsyn i drakta på Toten. Lise Talleraas snakka om motens påverking av klesskikken og kunne visa oss spennande draktplagg i privat eige. Peder Kihle Schønsby ga oss ei nyforståing av handverksbygda med si engasjerte innføring i emne Toten-knivar.  Bjørn Bækkelund ved Norsk Skogmuseum fortaldeom «Klede i Skogen».

Evald Kvem var med på festmiddagen og underholdt med Prøysen-viser. Ein fin formidlar.

Sundag var det årsmøte. Her blei ny formulering av paragraf 1 vedteken etter litt diskusjon. Resten av sakene blei gjennomgått utan store kommentarar.

Målfrid Grimstvedt blei gjenvalgt som leiar for eitt år. Helge Gudheim og Camilla Goffeng blei gjenvalgte for to år.

Jakob Bjerkem og Oddrun Larsen blei takka av som varafolk til styret. Me kunne ønska Ole Kristian Gundersen og Lise Skoug Obel velkomne som nye varafolk.

Sentrale personar på Toten: Evald Kvem, Lise Talleraas, EllenRundereim som deler ut gåver. Mette L. Nymoen frå bunadnemnda på Hadeland foranverkenstoffa og bunaden ho presenterte.

Foto: Målfrid Grimstvedt

Norges kulturvernforbund

Nff er ein av 29 medlemsorganisasjonar i Norges kulturvernforbund. Leiaren har deltatt på fleire av dei månadlege elektronisk gjennomførte Generalsekretærmøta. Kulturvernforbundet har kontor  i  Øvre Slottsgate 2b, Oslo, der ein rekke nærskylde organisasjonar har kontor i 3. og 4. etasje. Her har Nff høve til å ha styremøte. Norges kulturvernforbund samordnar saker av felles interesse og fremmer slike saker for styresmaktene. Frå dei får vi stadig tilsendt aktuell informasjon, påminning om søknadsfristar og minna om høyringar det kan vera aktuelt å svare på.

Den norsk bunadbruken på UNESCOs liste

Etter mange års arbeid og vinterensintense søknadskriving, kom bekjeden frå Kulturdepartementet 28.mars: Norge søker om at den norske bunadbruken må bli teken opp på UNESCO si liste over immatriell kulturarv.

Samarbeidet som Norsk folkedraktforum har med Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet Kultur og Tradisjon har nådd ein stor milepel.

26. april ba vi inn til Bunadfest i Teatersalen i Oslo for å feira søknaden og takka dei som har støtta arbeidet. Meir enn 100 deltakarar var samla og det mangla ikkje på godord om bunadsaka: «Det var blodig urettferdig at berre jentene fekk bunad,» sa leiar i Familie- og kulturkomiteen, Grunde Almeland. «Det er imponerande korleis de har skapt entusiasme, nysgjerrigheit og stoltheit,» sa Linn Catrine Lunder frå Sparebankstiftelsen DNB. «Nå er det berre å krysse fingrane for at bunadbruken blir anerkjent som felles kulturarv også internasjonalt. De har lagt ned ein helt fantastisk jobb med denne søknaden!", sa Rebekka Borsch, leiar i den norske UNESCO-kommisjonen. KronprinsesseMette-Marit deltok og på feiringa av den norske bunadbruken og UNESCO-søknaden. Arbeidet vart feira med helsingstalar, betasuppe og kaffi, og, ikkje minst,dans ved Leikarringen BUL Oslo.

Kronprinsesse Mette-Marit på veg ut. Foto: Geir Dokken/bunadbruk.no

Svaret får me i 2024, men arbeidet med å synleggjera god bunadbruk er noko me må arbeida med både fram til den tid og vidare. Difor har Nff 15.11.2023 skrive under på ein ny samarbeidsavtale om arbeidet i 2023 – 2025.  Det skal utarbeidast ein ny felles bunadstrategi som skal vera klar tilinnskrivinga. Formålet med samarbeidet er følgjande: Vi skal arbeida for betre rammevilkår for bunadproduksjon/ for bunadbruk i Norge. Bunadbruk er ein sentral del av norsk kultur. Det blir ikkje spegla av i politiske prosessar(utdanning, kultur og næring).

Prosjektet har ei arbeidsgruppe med Solveig Torgersen Grinder (NH) leiar, Camilla Rossing NBF og Mona Husby (NH). Ei mediegruppe med Torunn/Linda Aaboen (SKT), Tone Sjåstad(NH), Solveig Strand (NBF) og Mona Husby (NU). Målfrid Grimstvedt (Nff) blir orientert om arbeidet gjennom referat frå arbeidsgruppene.

Økonomi: For perioden 2023-2025 garanterte 4 partnerar for økonomiske bidrag etter avtale. Norsk folkedraktforum er unnateke frå å bidra på grunn av organisasjonens storleik og økonomi.

Kvar einskild partnar har eit sjølvstendig ansvar for å ha plan for eige arbeid med «Bunadbruk». Nff sin viktigaste innsats i prosjektet er vårt eige hovudbunad-prosjekt som er på vandring rundt i landet i heile perioden, slik det ser ut i dag.  I tillegg er det viktig at vi spreier informasjon om Bunadbruk gjennom eigne publikasjonar, nettsider og sosialemedia.

Foto: Jorunn Vrålstad

Vandreutstillinga «Hår og hovudplagg i folkedrakt og bunadsbruk»

Norsk folkedraktforum har sidan 2019 hatt prosjektet «Hår og hovudplagg i folkedrakt og bunadbruk» som ei hovudoppgåve. 22 regionale grupper var i sving, og 70 hovuder no med i utstillinga. Etter opninga på Stiklestad ønska prosjektgruppa at styret i Nff tok over hovudansvaret for vandreutstillinga. Slik har det vore i 2023.

Utstillinga er forsikra av Norsk folkedraktforum for utstilling i bygning kor som helst i Norge. Tjueri og skader er ikkje dekka i det tidsrommet lokala er opne for publikum. Då er det utstillars ansvar å sikra. På kvar utstillingsplass er eit medlem av Nff ansvarleg for opp- og nedpakking av utstillinga. Dei 25 plastkassane har eit volum påom lag 3 m3 når dei blir pakka kompakt.

Fram til januar 2023 stod utstillinga på Maihaugen.  Utstillinga blei pakka ned 16.januar og flytta då til Vang folkebibliotek i Valdres. Her var Helge Gudheim Nff sin representant, saman med hovudbunadnemnda i Valdres.

Opningskveldensamla rundt 30 deltakare til eit omfattande program. M.a. demonstrerte Husflidslaget filering, Camilla Rossing helsa og fortalde om arbeidet med UNESCO-søknaden og biblioteket stilte ut bunadlitteratur.

Neste stopp var Museum Stavanger. Her tok Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag imot og stod for oppfølging og program. Utstillinga blei opna uoffiselt 16.mars. Då fekk deltakarane på bunadkafeen ei orientering. 27. april inviterte museet tiloffisiell opning. Målfrid Grimstvedt orienterte om utstillinga og prosjektet Bunadbruk.

Så fekk publikum m.a. sjå når ei krunebrur blei påkledd med kopien av kruna frå Hylen i Suldal. Bunadnemnda stod for påkledninga.  Brura gjekk inn i utstillinga «Huldresølv» der den originale brurekruna stod utstilt.

Hovudbunadutstillinga stod i Stavangerfram til 2. oktober.

I denne perioden hadde museet heile tre bunadutstillingar: «Frå Hulda til hijab»,«Huldresølv» i tillegg til vår «Hovudplagg og hårmote». Museet formidla bunadutstillingane til ungdomskulen spesielt.

Hardanger folkemuseum på Utne var neste stopp for utstillinga. Her er det AgneteSivertsen på museet som har stått for førebuinga og gjennomføringa. Ho fekk med seg bunadfolk frå heile Hordaland for å utvida utvalet av hovudplagg. Då utstillinga opna 5. november var dei 70 hovudplagga blitt supplerte med 30 til. Hardanger folkemuseum er første og einaste visningsstad for denne utstillinga i Hordaland. På opninga fortalde Hanne Yndestad frå Norsk folkedraktforum om prosjektet som ligg bak utstillinga. Bunadtilverkar Oli Lilletveit fortalde om nokre av hovudplagga frå Hordaland, og Agnete Sivertsen fortalde om skautfelling og om hardangerskautet. Utstillinga fyller heile den store salen. Her kan me sjå film om skautefelling i Hardanger, eit prosjekt som museet arbeider aktivt med å føra vidare til nye generasjonar av skautefellare.

I 2024 er reiseruta fullteikna. Frå Hardanger går turen til tre museum i Sogn og Fjordane, så til Sigdal, Arendal, Elverum og Skien. Styret har også kontakt med fleire som vurderer utstillinga for 2025 og 2026.

Nordisk draktseminarpå Island 8.-12.august 2023

Dette seminaret stod ikkje på årsplanen til Nff, av di me fekk invitasjon etter årsmøtet. Det er NBF som er norsk arrangør og som inviterer norske deltakare.

Alle foto: Målfrid Grimstvedt

Det er fem år sidan sist det var nordisk draktseminar med deltakare frå Danmark, Sverige, Finland, Island og Norge. I år var også Grønland og Færøyane representerte. Camilla Rossing inviterte først leiaren i Nff, og etter kvart fekk me høve til å få med fleire frå vår organisasjon, noko me er takksame for. Det blei tilsaman 12 norske blant dei 50 deltakare. Dette var den største nasjonale kontingenten.  Styret meiner dette er ein viktig stad for å bli kjend med draktkollegaer og difor viktig i den vidare rekrutteringa av fagfolk i bunadsarbeidet vårt. Me inviterte difor med oss ein lærling i bunadstilverkarfaget, Magnhild Peggy Jones Gilje og ga henne stipend. Elles deltok Astrid Tanem Husøy, Hanne Yndestad Odland og Lise Skoug Obel i tillegg til to andre medlemmer, Agnete Sivertsen som var innleiar og Bjørn Sverre Hol Haugen som representerte Norsk Folkemuseum.

Seminaret opna på Nasjonalmuseet i Reykjavik. Der fekk me også sjå utstillinga av islandske drakter. I tillegg lånte museet ut ein stakkbrodert av Guðrun Skúladottir på 1700-talet som me fekk sjå i Reyholtkyrkja. Seminaret var på Reyholt. Gjennom tre dagar fekk me gode føredrag ombroderi og annan utsmykking av draktene frå alle landa. Me fekk gode innslagfrå Norge. Ann Kristin Moe drøfta den broderte bunadstradisjonen frå Hulda Garborg opp mot broderte bunader som var nærare knytt til folkedraktbroderi på1800-talet. Agnete Sivertsen presenterte rikdommen i bringeduken frå Hardanger. Bjørn Sverre Hol Haugen fekk eit innsmett om draktutstillinga på Norsk folkemuseum som er under planlegging og Ragni Engstrøm Nilsen presenterte boka om Kvinner i bunadshistoria.

Islendingane var gode tilskiparar og vil koma med ein skriftleg rapport frå seminaret. Gjennom seminaret fekk me innsikt i kor mykje ny kunnskap islendingane har fått fram om eigen draktskikk.

Fagdagane for bunadog folkedrakt 2023 – handverk og utdanning

Desse fagdagane arrangerer Norskfolkedraktforum årleg i lag med Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Studieforbundet kultur og tradisjon, Noregs Ungdomslag og Norges Husflidslag. I 2023 var dagane lagt til Fagernes 25. og 26.september. Norsk institutt forbunad og folkedrakt var teknisk arrangør. Fagdagane samla som vanleg godt over 100 deltakare frå våre ulike bunadsorganisasjonar. Seminaret starta dette året etter lunsj måndag og blei avslutta tysdag ettermiddag. Fagernes hotell tok imot som vanleg. Dei klarte å finna rom til oss, sjølv om hotellet er prega av flaumen tidlegare i haust. Han sette konferanselokala i kjellaren undervatn, og ute av bruk for oss.

Me hadde fokus på handverket og utdanninga tilbunadstilverkar. Kjærsti Gangsø  snakka om «Kurs og utdanning på bunadfeltet/ Rustet forfremtiden».  Me fekk gode foredragom perler i folkedrakter. Kristin Guldbrandsen snakka om perlebruk i folkedraktene og Agnete Sivertsen om perler på bringeduken. Mange sette pris på at Hill Aina Steffenach, tidlegare leiar av bunadnemnda i Norges Ungdomslag, var blant førelesarane. Ho snakka om perler i historia. Så  fordelte me oss på ikkje mindre enn åtte ulike kurs i saum, trening og veving med perler. Og som vanleg var mange av våre medlemmar med som kurslærarar. Det er bra.

Det var gledeleg mange lærlingar i bunadstilverkarfaget med.  Magnhild PeggyJones Gilje tok sveineprøva veka før ho presenterte sitt liv som lærling på Fagdagane. Me gratulerer med fagprøven og ønskjer Magnhild lukke til vidare.

Det var flott å bli fotograferte fint bunadkledde ute på Vesleøye. Der var det fotografering til eit nytt digitalt læreverk for bunadstilverkarar. 

Studietur tilDanmark i 12. – 15.oktober 2023

Camilla Goffeng og Målfrid Grimstvedt frå styret brukte våren til å legga opp innhaldet i studieturen. Me kontakta leiaren i Dragtutvalget i Dans Danmark for å spør om dei ville ta imot oss. Me fekk fleire namn å kontakta. Det endte med Anna-MargretheJohnson som bur på Sjælland. Ho har undervist i draktsying i 30-40 år og inviterte oss heim for å visa oss si eiga samling av danske draktplagg. Turen blei lagt opp omkring København. Der budde me på Ascot Hotel midt i sentrum. Alle kjøpte seg CityPass, slik at me reiste med offentleg transport det meste av tida.

16 deltakare og reiseleiarar møttest i København torsdagen. Turen gjekk direkte til Greve museum som imponerte med sin hedebosøm. Me blei godt tatt imot. I tillegg til den faste utstillinga hadde dei henta fram fleire plagg frå magasinet.  Og dei heldt museet ope ut over vanlegopningstid for oss. Dagen blei avslutta på ein god tapasrestaurant.

Fredag morgon gjekk turen til Amagermuseum der Camilla Nielsen tok imot og var ein hyggeleg omvisar. Me fekk gode fortellingar om bakgrunnen for den spesielle draktskikken og ikkje minst sett mange flotte drakter og måleri.

Turen gjekk så tilbake til København  og Nationalmuseet.Her var det først tid for lunsj, før me fekk omvising i utstillinga Inuit i Grønland. Både flott og tankevekkande.

Neste post påprogrammet var eit møte med Anna-Margrethe Johnsen frå Dragtutvalget. Ho orienterte om det omfattande arbeidet dei har utført som del av organisasjonen Danske folkedansere. Mange norske har vore deltakare på den store rekka av draktkurs som dei har drive gjennom mange år. Nå kunne Anna-Margrethe fortelja at dette arbeidet står i fare. Dei er i dag blitt del av organisasjonen Dans Danmark. Der ligg vekta på dans som sport. Dragtudvalget står difor i fare for å bli lagt ned. Dei som driv med drakt er nå i ferd med å organisera seg i Dansk folkedragtforum for å kunna føra vidare arbeidet sitt.

Vår tur fortsette laurdag med det som mange hadde sett ekstra fram til: Nordmandsdalen ved Fredensborg slott. Dei sytti statuane av norske menn og kvinner frå rundt 1760 er den eldste samla framstillinga av norske folkedrakter. Den mest ivrige blant oss var Heidi Brattsti – skomakaren som hadde sett seg føre å fotografera alle sytti skopara. Ho greidde det også!

Etterpå gjekk turen heim til Anna-Margrethe i Helsinge. Her tok ho og ektemannen vel imot oss. Ho samlar drakter, han samlar på 150 papegøyer, kakaduer, karpefisk mm. Det blei ein utruleg ettermiddag, både inne og ute på eigedommen deira. Me fekk lov å pakka opp dei utallege øskjene med gamle draktplagg som låg fint innpakka i silkepapir. Her var det mykje å studera på. Og ikkje minst fekk me sjå dei mange draktene og draktplagga Anna-Margrethesjølv hadde sydd. Ein spennande dag!

Sundagen avslutta me turen med eit besøk på Fredriksborg slott. Sjølv der fann me noko for oss. Blant portrett av kongar og adelege stod eit skap fullt av porselensfigurar, inspirerte av Nordmannsdalens menn og kvinner.

Representasjon, draktpolitisk arbeidog anna

1.     Norsk Institutt for bunad og folkedrakt (NBF)

Me har jamn dialog med Camilla Rossing og medarbeidarane på NBF.

Nff blei invitert til å delta med fleire medlemmar til Nordisk dragtseminar på Island. Ei anna sak er draktsamlingane på norsk-amerikanske museum. Her tok NBF kontakt med Laurann Gilbertson ved Vesterheim museum i 2023 med forespørsel om dei ville vurdera til å dela katalogopplysningar om den norske samlinga med NBF sitt arkiv, og fikk opprettet en dialog. NBF har ikkje fått svar på siste epost i utvekslinga, så prosessen har stansa opp. NBF vil ta opp igjen spørsmålet i 2024.

 Statens kunstnarstipend

Helga Møller Berg er Nff sin representant i perioden 2021-2025. Søknadsfristen for 2023 var i november og juryarbeidet foregår i januar 2024. Det var fleire søkare med tema drakt, også frå unge utøvare.

 

2.      Bunadopplæringa

modulbasert opplæring der læreplanen i bunadtilvirkarfagetligg til grunn

Mona Løkting er Nff sin representant i arbeidetmed bunadopplæringa. Ho skriv: (epost 9.10.23 og 20.1.2024)

Modulene iBunadopplæringa er fortsatt populære og det går parallelle løp, både denvanlige kursrekke over 3 år og en intensiv rekke som går over 1,5 år.

Nå er det den nye læreplanen som gjelder (fagfornyelsen) og det blir ikke satt igang nye kursrekker før vi har hatt kurslærer samling våren 2024. Dato er ikke endelig bestemt.

I år ble tilleggsmodulen mønsteravtak og gradering gjennomført 14. - 18. oktober.

En av våre trofaste kurslærere, Torild Fossnes har sluttet etter å ha vært lærer siden 2009.

Det er flere som ønsker åvære lærer på modulene, så rekruttering burde ikke være noe stortproblem. 

Styringsgruppa har sine møter på nett, og fram til nå i år har det vært 3 møter.

Temaer har vært:

Læreplanen, rekruttering av lærere, snorer og bånd blir en tilleggsmodul, kurslærersamling, spørreundersøkelse, webinar, gjennomgang av årshjul.

Nytt møte i styringsgruppa 22. november 2023.

 Interessen for svennebrev er økende, men mange har spørsmål om den teoretiske prøven og gjennomføring av selve svenneprøven, og hva som kreves av praksis.

Vi holdt derfor et webinar 30. august der tema var Teorieksamen. Den teoretiske prøven er en 5 timers skriftlig eksamen som alle praksiskandidater må ha tatt og bestått før de får gå opp til den praktiske prøven. Barbro T. Storlien NH og jeg undertegnede var lærere med Linda Aaboen var innleder og ordstyrer. 10 deltakere deltok.

Nytt webinar med samme tema er planlagt den 16. januar 2024.

 3.     «Løfte håndverket»

Det er eit nasjonalt debattforum/interessefellesskap på tvers av faggrenser og ein kommunikasjonskanal inn mot styresmaktene. Det blir drive av Norsk Håndverksinstitutt. Mona Løkting er Nff sin representant her. Ho deltok på seminaret 17. oktober 2023 på Maihaugen. Tema var "Håndverk og utdanning ". Det var ein dag med fokus på utdanning innan handverksfag frå barnehage, grunnskole til vidaregåande utdanning og ulike studiar på høyskole- og universitetsnivå. Rundt 90 deltakarar hadde møtt opp. Mange fine og interessante innlegg frå ulike opplæring- og utdannings arenaer. I tillegg var riksantikvaren, utdanningsdirektoratet og musea representerte.

4.      Vaksenopplæring – Studieforbundet for kultur og tradisjon  

Norsk folkedraktforum er nå medlem i Studieforbundet, etter å ha hatt samarbeidsavtale i mange år.

Nff meldte inn 16 kurs som blei gjennomførte i 2023. Desse hadde  464 timar og 85 elevar. Stønaden blir ikkje alltid utbetalt i året kurset blir halde, så når rekneskapen for 2023 viser kr. 37 234,- så er det noko høgare enn aktiviteten dette året.  

Diverre blir det stadig mindre støtte frå Studieforbundet. I 2021 var støtta kr. 125,- pr. lærartime, i 2022 var det kr. 115,- og for 2023 blir det kr. 98,-.

Mange av medlemmane våre driv bunadkurs. Det skjer gjennom ulike organisasjonar. Vi har lagt vekt på å få fleire til å melda dei inn gjennom Nff. Statistikken nedanfor viser at det har vore ei stor utvikling på dette feltet dei siste fem åra.

Det store talet på kurs i 2021 er knyta til hovudbunad-prosjektet vårt. Heile 25 kurs med 128 deltaklare blei haldne rundti landet med hovudplagg som tema. I 2022 var kurstalet også høgt. Då blei det fyldige seminaret på Stiklestad organisert som ni bunadkurs. Dei resterande kursa var i saum av ulike typarbunad rundt i landet. Fire kurs blei meldt inn gjennom Nff Nord Trøndelag og eitt gjennom Sogn Bunadnettverk. I 2023 blei det meldt inn 16 kurs, fire av desse i Nord-Trøndelag. Alle er kurs i ulike bunader.

Denne synlege kursverksemda blant våre medlemmer er med å gje oss tyngde som studieorganisasjon. Det er med og viser at me er eit godt alternativ til dei som vil sy sin eigen bunad. Noko som me bør få betre fram på sosiale medier og på heimesida vår.

5.     Norske folkedraktplagg i norsk-amerikanske museum

Som det går fram av samarbeidet vårt med NBF er det oppretta kontakt med Vestrheim museum i 2022. Me vil følgja opp saka i 2024. Får me sett søkelys på dei norsk-amerikanske samlingane, så kan det bli eit spennande tilskot til Utvandrarjubileet i 2025.

6.      Sosiale medier

Sosialemedier er staden der publikum lettast møter Nff. Her blir inntrykket av kva Nff står for danna for dei som søker opplysningar om oss. Det er difor viktig atdesse kanalane er oppdaterte.

Nff siFacebookside  blir vedikehalden av Helga Møller Berg. CamillaGoffeng frå styret er den andre administratoren. Facebooksidas medlemstal har auka fråvel 1500  til nær 2000 i løpet av 2023. Aktiviteten på sida har vært god, med nesten to innlegg pr. veke. Men det er ønskeleg at alle medlemmer bidrar meir for å halda på  interessa. Dersom nokon vil ha hjelp til å laga og/eller posta innlegg er det berre å ta kontakt med Helga eller Camilla.  Dei er to administratorar som går igjennom og godkjenner innlegg. Dette fordi vi i en periode var plaga med innlegg frå lettkledde damer.

Websidavår har adressa www.norskfolkedraktforum.no. Helge Gudheim frå styret i Nff vedlikeheld sida. Dette er viktigaste kanalen for dei som søker medlemskap i Nff. Alle dei 7 nye medlemmane våre i 2023 tok kontakt gjennom heimesida vår.  

 

7.      Tekstilkomiten

Leiar av Tekstilkomiteen, Helge Gudheim skriv:

Medlemmene i tekstilkomitéen har i 2023 vore Helge Gudheim (leiar), Helga Møller Berg og Mona Lund-Riise Løkting.

Aktiviteten i gruppa har vore relativt liten det siste året – leiaren synest kvardagen er hektisk, og har ikkje prioritert å bruke tid på å ta opp nye initiativ på vegner av tekstilkomitéen. Men dersom komitéen får innspel frå våre medlemmer, så følgjer me det opp. Eg føler vel difor at komitéen har endra meir karakter til å bli ein komité som er der for å hjelpe, dersom me får innspel frå Nffs medlemmer.

Så det einast som i realiteten har skjedd i 2023 er at det på Facebook vart oppretta ei lukka gruppe i eit «Nettverk forhåndvevere» – med Helga Møller Berg og Lise Skoug Obel som administratorar.

Eg hadde kontakt med Lise no i januar 2024, og ho fortel at det er seks-sju personar som har medt seg til nettverket i gruppa. Om det eigentleg har skjedd så mykje i gruppa er eg meir usikker på, men Lise fortel at tre-fire av dei interesserte hadde ein kort samtale om gruppa under Fagdagane i bunad på Fagernes hausten 2023.

I følgje mandatet til tekstilkomitéen, så skulle det vore val på medlemmene i 2022, men dette vart gløymt. Difor bør val av komité-medlemmer opp som sak i Nff-styret no fyrst i 2024.

8.      Internasjonaltsamarbeid

Styret i Nff sa i 2023 ja til å vera med på ein søknad om prosjektet Crafting Change: Building aSustainable Future with European Cultural Heritage (= Craft.me) Skap endring: Bygg ei berekraftig framtid med europeisk kulturarv. Det er eit ERASMUS + prosjekt. Målet er å laga ein omfattande digital læringsplattform. Dei har formulert prosjektet «Europeiske hovudplagg» Prosjektet har som mål å formidla kunnskapen som vaksenopplæring gjennom å utforma,  bygga og testa ein læringsplattform. Denne plattforma vil formidla ein online database over hovudplagg som finnes ulike europeiske samlingar, både private og offentlege. Læringsplattformen vil omfatta teknikkar knytta til materialer, vist gjennom demontrasjonsvideoar. Desse skal instruera brukaren steg for steg. Utvikling av metodikken vil skje i samarbeid mellom deltakarane i prosjektet iden innleiande fasen.

Dette vil vera ei oppfølging av hovudplagg-prosjektet vårt. Me vil kunna formidla eitt eller fleire døme på håroppbinding digitalt i ein database. Dette kan så bli starten på eit norsk fellesprosjekt over digital presentasjon av hovudplagg og heile bunader.

Prosjektet blir leia av Hungarian Heritage House (HU). Dei er i ein fase der dei søker partnarar. Det må på plass frå 3-4 ulike land. Hardanger folkemuseum har sagt seg interesserte i tillegg til Nff frå Norge. Viktoria Salgo ved Hungarian Heritage House er prosjektansvarleg og vår kontaktperson.

Sluttkommentar

Året 2023har vore eit år med stor aktivitet i laget vårt.

Den fine vandreutstillinga «Hovudplagg og hårmote» har vore på vandring heile året. Det var tregt å få opp interessa for nye utstillingsstader, men nå er 2024 fullteikna og me har spørsmål om nye stader for utstillinga i 2025 og 2026.

Prosjektet Bunadbruk på UNESCOs liste nådde ein viktig milepæl i 2023, noko me var med på å markera. Samarbeidet om Fagdagane ga oss ei god samling på Fagernes.

Dette blei også året for ny studietur i tillegg til kurs/seminar/årsmøte.  Både studieturen til Danmark og det nordiske seminaret på Island gav mange av oss mulighet til å læra og knyta kontaktar med våre nordiske folkedraktvener.

Årsmeldinga fortel om mange medlemmar som driv godt bunadsarbeid på fleire felt. Medlemstalet bør kunna auka. Det er viktig at vi når ut til stadig fleire. Vi er ein organisasjon for dei som vil fordjupa seg i og formidla folkedrakttradisjonanevåre, både som bunadsbrukar og bunadsprodusent. Vi ønskjer å bruka både heimesida og Facebook-sida meir aktivt for å inspirera til bunadsarbeid bygd på folkedrakt-tradisjonane våre. Kom med innspel om ting vi kan ta opp eller som de ønskjer å vidareformidla. Og bruk nettverket som medlemskap i Nff gjer dokker.

Tananger, 10.2.2024

Styret i Norsk folkedraktforum

Målfrid Grimstvedt     Ellen Runderheim       Astrid Tanem Husøy  

Helge Gudheim           Camilla Goffeng

Varamedlemmar: Ole Kristian Gundersen    Lise Skoug Obel

 

Vedtak: Den framlagde årsmeldinga blei godkjend.

Følg  Norsk folkedraktforum på Facebook
Design og oppsett av increo.no