Utstillinga «Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bunadbruk» vart opna på Stiklestad 19. mars 2022

Under eit stilig arrangement i Stiklestad Nasjonale Kultursenter (SNK) i Trøndelag vart hvoudbunadutstillinga til Nordk folkedraktforum (Nff) opna. Før opninga spelte eit heilt juniorspelemannslag frå nærområdet for dei 40–50 bunadkledde deltakarane frå Nff som overvar opningsseremonien.

Avtroppande Nff-leiar, Jakob Bjerkem, ynskte velkomen og sa dette er ein del av prosjektet med å nominere norsk bunadbruk til UNESCOs representative liste for immateriell kulturarv.

Nestleiar i Nff og leiar av novudbunadkomiteen, Helga Reidun Bergebakken Nesset frå Alvdal, fortalte at arbeidet med prosjektet starta i 2017.

– Hovudplagga er ein «missing link» i bunadbruken, og difor vart dette eit prosjekt for oss. 22 regionale grupper har vore i sving, og 70 hovud er no med i utstillinga. Me har laga eigen katalog, og poenget er å syne tradisjonell hovudbunadbruk. Takk til alle som har vore med, og takk for all kunnskapen som ligg bak, sa Helga Reidun Nesset.

Fylkesvaraordførar i Trøndelag, Tomas Iver Hallem (Sp) kom i feiande flott rekonstruert mannsbunbad frå Nord-Trøndelag og foretok snorklypping og den offisielle opninga. Men fyrst sa han at at me har felles sak, og at det «fyrste årsmøtet» i Trøndelag Senterparti skjedde her på Stiklestad i 1030…

– De gjer alle ein prisverdig innsats for folkedraktene og bunadene, og de set dei inn i ein historisk kontekst. Trøndelag fylkeskommune har skrive under på støtte til UNESCO-søknaden. Og personleg har eg også ein nært forhold til min bunad, som er laga av Beirt Bjerkem og mi svigermor frå Valdres. Trønderane og det norske folket var opptekne av å kle seg, og bunad og folkedrakt er no det ypparste plagget til fest. Men det er for få karar i Trøndelag som brukar bunad. Eg vil vera ein ambassadør for bunader, og det skal bli spanande å sjå på hovudplagga i utstillinga. Graturlerer med årsmøtet og utstillinga, sa Tomas Iver Hallem – før han klypte snora saman med Helga Reidun Nesset.

Målet med dette prosjektet er å få hovudplagget i aktivt bruk i samsvar med tradisjon gjennom rekonstruksjon frå tradisjonell draktskikk med den opprinnelege håroppbindinga. Det legges vekt på at hovudplagget får sin naturlege plass ved sida av drakta. Gjennom engasjement og kunnskap er prosjektet meint som ei historisk innføring, og til hjelp ved rekonstruksjon av bunadar. Prosjektet skal også føre til bevissgjering kring hovudplagget i dagens bunadbruk.

Prosjektet har ei todelt målsetting:

- Informere, og dyktiggjere bunadprodusentar og bunadbrukarar om hovudplagg

- Informere barn og unge om hovudplagg og håroppbinding som del av ein draktskikk.

Arbeidet har oigså ført til fleire lokale utstillingar.

Snorklyppinga blir utført av fylkesvaraordførar i Trøndelag, Tomas Iver Hallem. Vidare mot venstre ser me Nff-leiar Jakob Bjerkem, og vidare dei tre i Nffs hovudbunadkomite: Helga Reidun Bergebakken Nesset, Sidsel Tischbein og til vesntre Kirstine Prestmoen Tallerås..

Luver frå Grudbrandsdalen.

22 lokale grupper leverte 70 dokker med hovudbunader

Her er ei oppdatert liste over distrikta som er representerte i utstillinga, og namna på dei som har vor med i kvar gruppe:

Helgeland                               Jorunn Vrålstad

Nord-Trøndelag                  Berit Bjerkem, Ann Kristin Eidissen, Sigrun Bolås, Maj Brit Larsen og Inger Marie Kimo.

Sunnmøre. Åshild Y. Liaskar, Hilde Johanne Røyset Rødal og Astrid Aure.

Nordfjord Torill Torgnes og Anne Johnsen.

Sunnfjord Ann Lundekvam, Bodil Myklebust og Astrid Engebø Hammeren.

Midtre og Indre Sogn             Siri Benjaminsen, Bjørg Hovland, Toril Lien Nielsen, Kristin Hansen og Marianne Nesse.

 Midthordland: Os, Fusa, Samnanger       Hanne Yndestad Aadland og Anne Kolle.

 Nordhordland                         Oddrun E. Larsen, Aina Fjellanger og Monica Monslaup.

Ryfylke/Rogaland                  Målfrid Grimstveit, Eli Olsen, Daghild Håvardsholm og Ragnhild Ødegård.

Aust-Agder, Åmli                 Christian Pedersen og Ellen Marie Myre Pedersen.

Setesdal                                  Christian Pedersen og Ellen Marie Myre Pedersen.

Nedre Telemark, Drangedal  Jorunn Vrålstad.

Telemark                                Inger Petersen og Evelyn Margrethe Mikalsen.

Vestfold                                  Kristin Normann Bakke.

 Øvre Hallingdal                      Anne Stuvøy.

Nedre Hallingdal                    Ellen Rundereim, Astrid Tanem Husøy og   Joar Vaagø.

Øvre Numedal                        Gunhild Aasen, Toni Tischbein, Sidsel Tischbein og Kirstine Prestmoen Tallerås.

Valdres                                   Asta Karin Kampen, Grethe Rudi Braaten, Berit Vidme, Bodin Enger, Karen Marie G. Tvedt og Helge Gudheim.

Gudbrandsdalen                    Mona Løkting og Lise Skoug Obel.

Sør-Østerdalen                      Helga Møller Berg, Marit Odden og Heidi Glesaasen.

Nord-Østerdalen                   Helga Reidun B. Nesset, Torhild Holter og Synnøve Viken Røe.

I tilknytning til modellane følgjer ein plakat, der ein ser kva drakt/bunad hovudplagget høyrer til, og eit bilete av den orginale drakta. Plakatane vil ha ein kort informativ tekst. Yttelegare informasjon om hovudplagga blir prsentert i ein katalog/hefte som følger utstiilinga. Dette for å få med meir utfyllande informasjon om dei einskilte objekta. Prosjektgruppa har valt å bruke lokale nemningar på plagga, då dette er det mest riktige, og med forklaring der det er nødvendig.

Me meiner medlemmene i Norsk folkedraktforum er dei beste formidlarane utad for å få lokale til å ta imot utstillinga. Informasjon om utstillinga vil bli sendt til museum, bibliotek og kulturhus. 

Reiserute

2022:

Stiklestad, Nord-Trøndelag       19. mars - 9. juni

Leirfjord, Nordland                    22. juni - 14. august.

Vefsn Museum, Mosjøen august – 16. oktober.

Maihaugen, Lillehammer 6. november – 16. januar 2023.

2023:

Vang folkebibliotek, Valdres 25. januar – 4. mars.

Museum Stavanger våren 2023.

Hardanger Folkemuseum, Utne hausaten 2023.

2024:

Sogn og Fjordane

Arendal juli 2024.

Helga Møller Berg syner luver frå Østerdalen.

Nasjonal utstilling

I mars 2022 vil modellane bli samla og ei nasjonal hovudplaggutstilling blir opna under Norsk folkedraktforum sitt årsmøte på Stiklestad. Denne vil deretter vandre landet rundt.

Norsk folkedraktforum sin prosjektkomite

I prosjektkomiteen sitt Helga Reidun B. Nesset, Sidsel Tichbein, Kirstine P. Tallerås og Jakob Bjerkem. 

HOVUDBUNAD-GRUPPA til Nff er samansett av (frå høgre) Helga Reidun Bergebakken Nesset frå Alvdal, Kirstine Prestmoen Tallerås, Folldalen, og Sidsel Tischbein, Lier. Gruppa får grafisk hjelp til plakatlaging av Tore Stang i Lier.

HOVUDBUNAD-GRUPPA til Nff er samansett av (frå høgre) Helga Reidun Bergebakken Nesset frå Alvdal, Kirstine Prestmoen Tallerås, Folldalen, og Sidsel Tischbein, Lier. Gruppa får grafisk hjelp til plakatlaging av Tore Stang i Lier.

Spesiell luve frå Setesdal.


Hovudbunadustilling i Valdres

Kølleluver og ei raud, strikka toppluve. Fleire hovplagg til menn ar også fått plass i utstillinga.

Kølleluver og ei raud, strikka toppluve. Fleire hovplagg til menn ar også fått plass i utstillinga.

Rullar for gifte kvinner (øvste hylle), perlekrans for den ugifte (nedst) høyrde til bringdukbunaden for Øvre Valdres 1810–1830. I bakgrunnen er rekonstruert bruredrakt for Øvre Valdres.

Rullar for gifte kvinner (øvste hylle), perlekrans for den ugifte (nedst) høyrde til bringdukbunaden for Øvre Valdres 1810–1830. I bakgrunnen er rekonstruert bruredrakt for Øvre Valdres.

– Ei tid lurte de på om de skulle vera med, og de har trudd at de var seint ute. Men dette er den fyrste av hovudbunad-utstillingane til Norsk folkedraktforum (Nff) som blir opna. Og eg tippar at det også blir den største og den finaste. Så sterkt ordla leiaren i Nff, Jakob Bjerkem frå Steinkjer seg, då han fredag 25. juni var med og opna hovudbunadutstillinga for Valdres på Valdres Folkemuseum.

Jakob Bjerkem gratulerte med resultatet, og han sa at utstillinga og samarbeidet med museet er eit eksempel til etterfløging. – Eg er imponert, sa Bjerkem.

Det var eit vakkert syn då rundt 15 bunadkledde – alle naturleg nok med tilhøyrande hovudplagg – var med på utstillingsopninga. Forutan den lokale hovudbrunadgruppa, var styret i Nff og deira hovudbunadkomite på riksplan også til stades.

På vegner av den lokale komiteen ynskte Bodil Enger velkomen, og fortalte at det er tidsrommet frå midten av 1700-talet og til fyrst på 1900-talet som blir framsynt. Ho meinte det som særleg skil hovudbunadbruken i Valdres frå andre draktområde, er rullane og blåluva, som var brukte til bringedukdrakta 1810–30.

Bodil Enger fortel at det var Grethe Rudi Bråten, Berit Vidme, Karen Marien Tvedt og Asta Karin Kampen som starta det lokale arbeidet med utstillinga, etter utspelet frå Nff i 2019. Etter kvart vart gruppa utvida med Helge Gudheim og Bodin Enger. Utstillinga på Valdres Folkemuseum inneheld nærare 40 hovudplagg, Utstillinga blir i alle fall ståande til april 2022.

– Mykje er gjort når det gjeld grunnforskinga i Valdres. Me har difor ikkje «pløgd ny åker», men heller kome med nokre nye, små oppdagingar.

Bodil Enger sa vidare at den lokale gruppa alltid har ivra for hovudbunadbruken, og at me set stor pris på at Nff fatta interessen for emnet.

– Me håpar me kan nå mange med utstillinga, og me er utruleg takknemlege for at museet tok kostnaden med å laga katalogen, sa Enger. Som forklarande tekstdel til utstillinga, har komiteen laga eit 44-siders hefta om dei 18 bunadene som no er i bruik i Valdres.

Frå Valdres Folkemuseum helsa Anne Marit Noraker: – Tusen takk til alle som har gjort ein stor innsats i samband med denne utstillinga. Dette er ei slags fortsetting av dei andre utstillingane våre, og denne med hovudplagg utfyller dei andre på ein flott måte. Eg vart ekstra rørt då eg såg alle i bunad her i dag, og takk til den lokale gruppa for at de finst, sa Anne Marit Noraker.

Komité-medlem Asta Karin Kampen med nokre pulluver med stremmel.

Komité-medlem Asta Karin Kampen med nokre pulluver med stremmel.

Pynting av brura. Berit Vidme og Karen Marie Tvedt kler opp ei brur med brurerull og herdasylv – bruredrakt for Øvre Vaøldres 1810–1830.

Pynting av brura. Berit Vidme og Karen Marie Tvedt kler opp ei brur med brurerull og herdasylv – bruredrakt for Øvre Vaøldres 1810–1830.

Bodil Enger, Anne Marit Noraker og Jakob Bjerkem under utstillingsopninga på Fagernes.

Bodil Enger, Anne Marit Noraker og Jakob Bjerkem under utstillingsopninga på Fagernes.

Frå utstillingsopninga på Fagernes 25. juni 2021. Frå venstre medlemmer av Nff-styret; Helga Reidun Bergebakken Nesset, leiar Jokom Bjerkem, Ellen Runderheim, Oddrun E. Larsen. Derned tre frå Nffs hovudbunadkomite; Tore Stang, Sidsel Tischbein og Kirstine Prestmoen Tallerås. Berit Bjerkem og til høgre Nff styremedlem Helge Gudheim.

Frå utstillingsopninga på Fagernes 25. juni 2021. Frå venstre medlemmer av Nff-styret; Helga Reidun Bergebakken Nesset, leiar Jokom Bjerkem, Ellen Runderheim, Oddrun E. Larsen. Derned tre frå Nffs hovudbunadkomite; Tore Stang, Sidsel Tischbein og Kirstine Prestmoen Tallerås. Berit Bjerkem og til høgre Nff styremedlem Helge Gudheim.

Utstillingsopning i Nord-Trøndelag

Fredag 2. juli vart Nffs houvudbunadutstilling for Nord-Trøndelag opna på Bunadsburet på Bjerkem i Steinkjær. Her syner frå venstre Sigrun Bolås, Maj Brit Larsen, Berit Bjerkem og Ann Kristin Eidissen fram nokre hovudplagg for menn.

210130842_10157769289451216_7228711181224294369_n.jpg

Bilde frå hovudplagggruppa i Nord Trøndelag og Sør Østerdal.