Your Custom Text Here
Gode medlem!
Me har hatt årsmøte i Nff og er godt i gang med eit nytt og aktivt år rundt i landet. Handverket knytta til folkedrakt og bunad er framme i lyset når Kronprinsesse Mette Marit samlar vevarar til symposium i Dronning Sonjas Kunsthall 12.april. Mange av våre medlemmar er blant dei inviterte. Me ønskjer dei lukke til!
I dette nummeret kan du lesa om årsmøtet på Rjukan, der leiar og styremedlemmar blei attvalde, og me fekk eit nytt tilskot på varamannslista. Velkommen til Magnhild Peggy!
Målfrid og Helge har hatt ein spennande tur til Ungarn – noko me håper er starten på eit nytt prosjekt for Nff. Hovudbunadutstillinga vandrar vidare på Vestlandet.
Det er også på tide å planlegga kva de vil vera med på til hausten: Tur til Nord-Østerdal og med besøk i Hulda Garborg sitt rike i september og nye Fagdagar i slutten av oktober. Det er nok å sjå fram til! Les meir på dei kommande sidene.
Tananger, 9.4.2024, Målfrid Grimstvedt
Årsmøte på Rjukan 2024
Nettverksbygging i Budapest
Hovudbunadutstillinga i Sogn og fjordane
Haustseminar på Tynset 6.-8.september
Fagdagane 2024 i Asker 28.-29.oktober
Sjølve årsmøtet samla 38 medlemmar og blei gjennomført utan store diskusjonar. Styret fekk ros for godt arbeid, noko som truleg også var grunnen til attval i styret. Lise Skoug Obel rykka opp til 1.varaplass og Magnhild Peggy Jones Gilje.
Styret sitt framlegg om å setta av inntil kr. 100 000,- til å utvikla ny nettside fekk støtte. Det same fekk samarbeidet med Hungarian Heritage House om eit muleg Erasmus + -prosjekt.
Samlinga på Rjukan vil nok bli hugsa best for seminaret laurdag. Tor Dale Svendsen og Olaf Nikolai Hansen si samling av gamle plagg frå Tinn var eit dykk inn i ein rik folkedrakttradisjon som var levande inn på 1900-talet. Han skil seg på mange måtar frå resten av Telemark. Men her ga Ellen Rundereim sitt foredrag om plagg på tvers eit spennande perspektiv på samanhengen mellom bygdene frå Tinn i vest til Valdres i aust. I tillegg fekk me møta gullsmed Sando og besøka verkstaden hans.
Målfrid Grimstvedt og Helge Gudheim frå Nff-styret reiste fyrste veka i april til Budapest etter invitasjon frå Hungarian Heritage House (HHH) – for å opprette kontakt med tanke på nettverksbygging mot ein framtidig digital plattform form draktformidling. Arrangementet var lagt til det ærverdige HHH-huset på Buda-sida i den ungarske hovudstaden.
Avansert læringsplattform
HHH gjennomførde på 2010-talet eit dokumentasjonsprosjekt med polyfone songtradisjonar frå Ukraina (www.pholyphonyproject.com). Torsdag 4. mars 2024 var lanseringsdagen for ein utvida digital plattform – denne gongen også med folkemusikk, men no basert på opptak frå Ungarn. Forskjellige musikalske framføringar blir tekne opp med avansert datateknolgi, slik at lyden frå kvart instrument eller sang kan splittast og høyrast på kvar for seg. Opplegget produserer også notar til musikken. Men kanskje det aller mest spektakurlære ved opptaka er vidoane og lydopptaka av sjølve musikken.
Videoane blir innspelte med høg hastigheit (120 kameraruter i sekundet), slik at det også er muleg å redusere hastigheita under avspelinga – for å sjå fingersetjinga og bogestrøka til dømes til ein fiolinist (sjå www.folk-me.com).
Dette digitale verktøyet er utvikla av HHH med EU-midlar, og me forstod det slik at tanken er at dette kan bli ein internasjonal database som fleire land skal ta i bruk. Tilsvarande dataopplegg er i ferd med å bli utvikla også for dans, og på sikt ynskjer dei å gjera det også for forskjellige handverksteknikkar (www.craft-me.com).
Også for folkedrakter
Og i den samanheng kjem også folkedrakter inn i bildet, og det var difor me frå Nff var inviterte til å koma for å bli kjende med denne måten å formidle kultur på. Dei ynskjer i fyrste omgang to-tre deltakarland for å laga eit likande EU-prosjekt der tanken er å setja søkjelys på digitalisering av teknikkar knytt til hovudplagg til folkedrakter. Dette kan koma innunder «craft-me»-plattformen. Representantane for HHH har så langt kalla dette for The European Headwear project. Ynsket er å få til ein digital undervisingplattform for å lære bort handverksteknikkar knytt til hovudbunader.
På sikt kan dette bli eit større prosjekt med fleire deltakarland, men i fyrste omgang er me i Norge inviterte til eit innleiande og mindre prosjekt saman med Ungarn. Dei har altså kome langt når det gjeld innsamling og publisering av folkemusikk, men derimot mykje kortare når det gjeld folkedraktene. Ungarn har framleis ein levande folkedrakttradisjon, men han er lite dokumentert.
Målfrid fortel at me i Norge er inviterte til dette samarbeidet særleg fordi me har kome langt når det gjeld registrering av folkedraktmaterialet, og digitalisering av vår kulturarv. Difor har ungararane bede om samarbeid med oss.
Vår hovudkontakt under besøket, Viktória Salgó, som er leiar for den internasjonale delen av HHH, fortel at det oftast er sjølve utviklingsaarbeidet av denne typen prosjekt som er den mest arbeidssame. HHH ser for seg at ein fyrst utarbeider ei pilotprosjekt.
Innhaldsrikt opplegg
Målfrid hadde dessverre tett kalendar, og måtte reise heim fredag morgon. Men underteikna var med på arrangementet også fredag og laurdag. Me fekk høyre at HHH er eit statsdrive kulturhus med rundt 250 tilsette. Dei har mellom anna eit stort folkekulturelt danseensamble, Hungarian State Folk Ensemble, og me fekk oververa ei av deira framsyningar.
HHH arbeider også aktivt overfor rørsla dei kallar Dance House. Det oppstod på 1970-talet då profesjonelle folkedans-ensemble i Budapest fekk møta den folkelege dansen, dei ungarske runddansane. Då ville dansarane bruka dansen som samværsform. Det starta i det små, men er i dag noko som i dei seinare åra har fått god tilslutning mellom unge vaksne. Kvar laurdagskveld er det ein slik dansefest i HHH.
Elles driv dei dokumentasjons- og arkivarbeide. Dei arbeider mykje med å digitalisera analoge opptak av film, lyd og foto. Dei har også forskjellige utstillingar. 60 prosent av kostnaden med å drifte HHH blir betalt av den ungarske staten. Resten er eigne inntekter og prosjekttilskot.
Rundt 25 internasjonale gjester var inviterte av Hungarian Heritage House til denne helga. Fredag fekk me omvisingar på fleire av dei store musea i Budapest. Og om kvelden var me med på en Danse House-fest på eit forsamlingshus i utkanten av byen.
Gigantisk folkemusikkfestival
Ein gong i året blir National Dance House Fesitval (Táncház Festival) arrangert i eit stort, innandørs idrettsstation i utkanten av Budapest. Det skjedde den laurdagen me var på besøk, og festivalen samla rundt 10.000 deltakarar frå heile Ungarn. Her bølgja dansen på det gigantiske dansegolvet dagen lang, grupper spelte og dansa, det var salsboder, konsertar i mindre lokale og kurs og aktivitetar for barn.
Det vart med andre ord eit innhaldsrikt besøk, fullstappa med kulturelle inntrykk. Kva det på sikt kan føre til for Norsk folkedraktforum gjenstår å sjå. No var poenget å lære kvarandre å kjenne, og så vil framtida syne om det blir noko meir handfast utav den kontakten som er etablert.
Helge Gudheim 8. april 2024
I skrivande stund har Sogn bunadnettverk pakka ned utstillinga i Kaupanger. Ho er på veg til Sunnfjord museum. Der er Ann Lundekvam vår kontakt. Opninga blir ein gong i april og utstillinga vil stå her til 10.juli.
Me ser fram til å møtast på Tynset 6.- 8. september. Helga Reidun fortalde då me var på Rjukan at me skal møtast på friluftsmuseet i Nord-Østerdal, før me drar til Savalen der me skal bu.
Sett av datoen. Påmelding kjem seinare. Av programmet kan me røpa:
Laurdag - Rundtur med buss.
Besøk på Hulda Garborg sine bustader, Kolbotn og Veslevangen i Strålsjøåsen. Presentasjon av dei rekonstruerte draktene/bunadene frå dei gamle prestegjelda Tynset og Tolgen i Tynset kulturhus . Ope arrangement.
Middag på hotellet om kvelden
Sundag - Kurs:
Snor på snorgaffel; Hoseband på bandstong, lokalt namn er stongband eller pinneband.
Det blir påmelding etter sommaren. Då får me også eit detaljert program. Eg kan lova at dette vil bli spennande å høyra om tilhøve mellom folkedrakt og moteimpulsar. Planen er at me skal prøva oss på draktanalyse. Og det blir småkurs.
Styret i Norsk folkedraktforum
Målfrid Grimstvedt, Ellen Rundereim, Helge Gudheim, Astrid Tanem Husøy, Camilla Goffeng. Varafolk: Lise Skoug Obel og Magnhild Peggy Jones Gilje.
—————————————————————————————————————————————————————————————————-
Vi har orientert/varslet alle medlemmer om årsmøte på Rjukan i «Nytt frå Nff nr. 1- 2023» datert 5.1.2023. Der informerte vi også om hvem som sitter i valgkomiteen.
INFORMASJON OM PÅMELDINGA finner du lengre nede i teksten. Årsmøtepapira blir sendt ut i eiga sending senere.
Vi samles til Nff-årsmøte og seminar på Rjukan hotell (nettside: rjukanhotell.com). Denne gangen skal vi få vite mer om drakttradisjonen i Tinn.
Tinn i Telemark er et av områdene i Norge der folkedrakta var i bruk til langt inn på 1900- tallet. Dette er blant annet beskrevet av Aagot Noss i boka Klesskikk i Tinn i Telemark – frå tinndølklede til tinnbunad, fra 1999.
Kunnskapen om tilvirkingen og bruken av de lokale folkedraktene har vært prisgitt enkeltpersoner med særlig engasjement for dette feltet. På lørdagen har vi vært så heldige å få to av dem, kulturformidler Tor Dale Svendsen og styremedlem i Telemark husflidslag, Olaf Nikolai Hansen, til å fortelle om drakttradisjonene i Tinn slik de har vært, og om arbeidet med å videreføre kunnskapen om dem.
I tillegg vil vi få se deler av Tinnsamlinga – en privat samling av eldre tinndølklede, tinnbunader, draktdeler og frihånds rosesaum – en sømteknikk som har lange tradisjoner i Tinn.
Gullsmed Jørgen Sando på Rjukan forteller om lokalt draktsølv, og vi tar en luftetur til forretningen hans (nettside: sando.no) og til Dalebutikken (nettside: butikk.dalebutikken.no) med bl.a. garn og vev samt bunadtilbehør og -materialer.
Tips: Kuturrådets nettside: www.immateriellkulturarv.no – Drakttradisjonen i Tinn.
På dagtid fredag er det kurs i snitt og tilpassing av plagg med Anny Strand og Camilla Goffeng. Dette er kurset for deg som står fast eller trenger hjelp med et plagg til deg selv. Du må ha med deg et påbegynt plagg.
Helga inneholder som vanlig «medlemmenes time» fredag kveld og årsmøte på søndag formiddag med lunsj før hjemreise.
Fredag 15. mars 2024:
09.00 – 16.00: Snitt og tilpassing ved Anny Strand og Camilla Goffeng.
Har du et plagg som du ønsker hjelp til å prøve inn? Om du står fast eller treng hjelp med noe du lager til deg selv, er dette kurset for deg! Du må ha med deg et påbegynt plagg.
Maks. 10 deltakere. Sted: Rjukan hotell, med innlagt lunsj. Kurspris: Kr. 1050,-
18.00: Middag.
20.00: Medlemmene sin time – gi beskjed til styret om du har noe du vil ta opp.
Lørdag 16. mars 2023:
09.00: Velkommen.
09.15 – 10.00: Ellen Rundereim: Plagg på tvers: Noen fellestrekk i folkelig draktskikk på «Indre Østland».
10.15 – 11.30: Tor Dale Svendsen og Olaf Nikolai Hansen: Draktskikken i Tinn. 11.30: Kaffepause.
11.45: Foredraget fortsetter: Draktskikken i Tinn og litt om Tinnsamlinga (ei samling av tinndølklede og rosesaum).
12.45: Lunsj.
13.45: Jørgen Sando: Bunadsølv (på hotellet). Ca. 14.30: Tur på byen med bedriftsbesøk: Gullsmed Sando (draktmetall) og Dalebutikken (formidling, bunad, garn og vev).
Kaffe/te på hotellet.
Etter kl. 15.30: Vising av deler av Tinnsamlinga v/ Olaf Nikolai Hansen og Tor Dale Svendsen.
19.00: Middag på hotellet.
Utlodning (Ta gjerne med deg en gave til utlodningen).
Søndag 17. mars:
09.00: Årsmøtet på Rjukan hotell. 11.00: Kaffe på møterommet.
Årsmøtet fortsetter. 12.00: Lunsj.
13.00: Hjemreise.
Offentlig transport: Buss fra og til Åmot i Vinje for reisende fra Vestlandet. Buss fra og til Notodden for reise mot Østlandet.
Norsk Folkedraktforum v/ Målfrid Grimstvedt, Jåsundvegen 61, 4058 Tananger, eller post@norskfolkedraktforum.no innen 16. februar.
Dere vil få tilsendt faktura som må være betalt innen 24. februar for at plassen er sikret.
Opplys følgende ved påmelding:
Navn:
Adresse/e-post:
Type deltageravgift: (Hotell/enkeltrom)
Ved valg av dobbeltrom: Navn på den du vil dele rommet med:
Kurs fredag: Ja eller nei.
Enkeltrom: Dobbeltrom: Uten overnatting:
Deltakeravgift: 4 600 3 200 1 760
Med kurs fredag: 5 605 4 205 2 765
Inkludert i denne prisen er alle måltid, inkl. festmiddag lørdag, møtekaffe og kaker, overnatting to netter m/frokost, alle foredrag.
Tillegg for deltagere som ikke er medlem: Kr 500,-
De som trenger ekstra overnatting fra torsdag til fredag pga. kurset, de må bestille denne direkte på hotellet.
Alle sakspapir for årsmøtet blir sendt ut senest 25. februar i samsvar med vedtektene – tre uker før årsmøtet.
Tananger, 30. januar 2024.
Styret i Norsk folkedraktforum
Målfrid Grimstvedt, Ellen Rundereim, Helge Gudheim,Astrid Tanem Husøy og Camilla Goffeng.
Varamedlemmer: Ole Kristian Gundersen og Lise Skoug Obel.
—————————————————————————————————————————————————————————————————
Gode medlem!
Godt Nytt År!
Årsmøte på Rjukan 2024
Rapport til Norsk Kulturråd om hovudbunadutstillinga
Hovudbunadutstillinga i Hardanger
Styret hadde møte på Skype 28. november 2023. Då tok me m.a. ein siste gjennomgang av rapporten som blei levert Norsk Kulturråd innan 1.12. om hovudbunadprosjektet. Ellen førebur organiseringa av årsmøte og seminar for styret. Det kan de lesa nærare om her. Håper det er inspirerande lesing. Hugs også å følgja med på Facebook og heimesida vår.
Helga 15.-17. mars 2024 samles vi til Nff-årsmøte og seminar på Rjukan hotell (nettside: rjukanhotell.com).
Årsmøtet blir søndag 17. mars kl. 9:00. Valgkomiteens leder er Anny Strand, anny@bunadtilvirkerne.no.
På seminaret lørdag skal vi få vite mer om drakttradisjonen i Tinn, Telemark som er et av områdene i Norge der folkedrakta var i bruk til langt inn på 1900-tallet. Dette er blant annet beskrevet av Aagot Noss i boka «Klesskikk i Tinn i Telemark - frå tinndølklede til tinnbunad, fra 1999.»
Kunnskapen om tilvirkingen og bruken av de lokale folkedraktene har vært prisgitt enkeltpersoner med særlig engasjement for dette feltet.På lørdagen har vi vært så heldige å få to av dem, kulturformidler Tor Dale Svendsen og styremedlem i Telemark husflidslag Olaf Nikolai Hansen, til å fortelle om drakttradisjonene i Tinn slik de har vært, og om arbeidet med å videreføre kunnskapen om dem.
I tillegg vil vi få se deler av Tinnsamlinga – ei privat samling av eldre tinndølklede, tinnbunader, draktdeler og frihands rosesaum – en sømteknikk som har lange tradisjoner i Tinn. Gullsmed Jørgen Sando på Rjukan forteller om lokalt draktsølv, og vi tar en luftetur til forretningen hans (nettside: sando.no) og til Dalebutikken (nettside: butikk.dalebutikken.no) med bl.a. garn og vev samt bunadtilbehør og -materialer.
Nettips: Immateriell kulturarv.no Drakttradisjonen i Tinn
På dagtid fredag kan du gå på kurs i «Snitt og tilpassing» med Anny Strand og Camilla Goffeng som lærare. Dette er kurset for den som står fast eller trenger hjelp med et plagg til seg selv. Deltakerne må ha med seg et påbegynt plagg.
For øvrig inneholder helga som vanlig «medlemmenes time» fredag kveld og årsmøte på søndag formiddag med lunsj før hjemreise.
Det kjem invitasjon med påmeldingskjema saman med sakspapira tidleg i februar.
Dette prosjektet hadde ikkje kome i gang om me ikkje fekk bevilga kr. 200 000,- av offentlege middel i 2019. Det har vore ei stor satsing med mykje aktivitet i dei 22 ulike gruppene som har bidrege til dei 70 hovuda som er på rundgang. Prosjektet avslutta offisielt 1.september 2023. Eg sendte ut eit utkast til rapporten til styringsgruppa og alle arbeidsgruppene for å få inn foto og info om arbeid undervegs. Takk til dei som bidrog. I tillegg samla eg alt som var lagt ut på Facebook. Her har me kunna følgja utstillinga på vandring rundt i landet. Kulturrådet fekk sin rapport innan fristen 1. desember. Om han blir godteken, så får me utbetalt dei siste kr. 40 000,- til prosjektet.
Er du nær Hardanger så har du enno tid til å få med deg vandreutstillinga vår på Hardanger folkemuseum, Utne. Der er ho open til 21.januar. Etter dette går ho vidare til Sogn og fjordane.
Her er det Agnete Sivertsen på museet som har stått for førebuinga og gjennomføringa. Ho fekk med seg bunadfolk frå heile Hordaland for å utvida utvalet av hovudplagg. Då utstillinga opna 5. november var dei 70 hovudplagga blitt supplerte med 30 til.
Hardanger folkemuseum er første og einaste visningsstad for denne utstillinga i Hordaland. På opninga fortalde Hanne Yndestad frå Norsk folkedraktforum om prosjektet som ligg bak utstillinga. Bunadtilverkar Oli Lilletveit fortalde om nokre av hovudplagga frå Hordaland, og Agnete Sivertsen fortalde om skautfelling og om hardangerskautet. Utstillinga fyller heile den store salen. Her kan me sjå film om skautefelling i Hardanger, eit prosjekt som museet arbeider aktivt med å føra vidare til nye generasjonar av skautefellare. Utstillinga på Hardanger folkemuseum.
Tananger, 5.1.2024
Målfrid Grimstvedt,
Ellen Rundereim, Helge Gudheim, Astrid Tanem Husøy, Camilla Goffeng. Varamenn: Ole Kristian Gundersen og Lise Skoug Obel.
—————————————————————————————————————————————————————————————————
Gode medlem!
Styret hadde møte i etterkant av Fagdagane på Fagernes. Me på i god gang med å førebu året 2025 og nye prosjekt, samstundes som me også har viktige aktivitetar denne hausten. Dette nummeret av medlemsskrivet tar også med litt om det som har hendt sidan sist.
Håper det er inspirerande lesing. Hugs også å følgja med på Facebook og heimesida vår.
1. Hovudbunadutstillinga til Hardanger
Utstillinga blei teken ned i Stavanger 2. oktober av Bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag. Ragnhild, Daghild og Målfrid brukte 2-3 timar på å pakka ned og kryssa av. Takk til Stavanger museum som har hatt utstillinga som suplement til deira eiga bunadsutstilling «Frå Hulda til hijab!» Den utstillinga er også inne i sine siste veker.
Vår utstilling blei henta av Torfinn Hus frå Hardanger folkemuseum. Han køyrte frå Kinsarvik før kl 6:00 var på museet då me pakka dei siste hovuda. Agnete Sivertsen tar imot på Hardanger folkemuseum, Utne. Ho samarbeider med folk i Hardanger, Voss og ytre Hordaland for å supplera utstillinga med fleire koneskaut. Følg med når opninga 6.november blir annonsert!
Våren 2024 går vidare til tre museum i Sogn og fjordane og Sigdal museum fram til sommaren.
Reiseruta pr. 9.10.2023:
6. november 23 – medio janr 2024 1. februar til 30.mai 2024 - museum
1.juni - 10.juli 2024
16.-20.juli 2024
Veke 30 – 37 2024
Veke 39 – medio januar 2025
Hardanger folkemuseum, Utne.
Heibergske samlingar, Sunnfjord museum, Nordfjord
Sigdal museum
Nordleik i Arendal
Glomdalsmuseet,
Telemark museum, Brekkeparken i Skien
Etter dette er det ikkje gjort faste avtalar. Men Lågdalsmuseet, Kongsberg, Kulturhuset på Tynset og Norsk Folkemuseum, Oslo har alle sagt dei ønskjer å finna plass til utstillinga i 2025.
Dette prosjektet har fått pengestøtte frå Norsk Kulturråd. Dei skal ha rapport om arbeidet og bruk av pengane innan 1. desember 2023.
2. Studieturen til Danmark
16 deltakare og reiseleiarar møtes i København torsdag i denne veka. Me har sett saman eit program med museumsbesøk, tur til Nordmansdalen og ikkje minst ein kveld og ein dag saman med Anna-Margrethe Jonsson frå Dans Danmark. Ho har undervist i draktsying i 30- 40 år og tar oss med heim for å visa oss si eiga samling av danske draktplagg.
Me kjem tilbake med referat i neste nummer.
3. Årsmøte på Rjukan 2024
Me er ikkje ferdige med 2023, men styret har planar klare for årsmøtestad til våren. Sett av helga 15. til 17. mars. Då samlast me på Rjukan hotell. Det faglege innhaldet vil m.a. vera innføring i drakttradisjonar i Tinn.
4. Haustseminar 2024
Styret har også takka ja til ein gledeleg invitasjon til haustseminar i 2024. Helga Reidun Nesset står i spissen for medlemmar som ønskjer oss velkomne til Nord-Østerdal. Dei planlegg helga 6.-8.september på Savalen fjellhotell.
5. Vev-nettverket har fått eiga Facebook-side: Nettverk for håndvevere
Denne sida er ei lukka side der vev-handverkarane kan halda kontakt og utveksla erfaringar.
Ta kontakt med Helga Møller Berg eller Lise Skoug Obel om du ønskjer å bli med i gruppa.
6. Samarbeidsavtalen «Bunadbruk» sept. 2023 – feb. 2025.
Avtalen gjeld samarbeidet om å få bunadsbruk inn på UNESCOs representative liste over immateriell kulturarv. Søknaden er nå sendt UNESCO frå staten. Men arbeidet er ikkje ferdig frå vår side. Me må ha plan og arbeid gjort til den dagen UNESCO tar si avgjer. Det vil truleg skje i desember 2024. Difor er det sett opp ein ny prosjektperiode for samarbeidet.
Denne avtalen skal regulera ansvar, oppgåver og økonomi i prosjektperioden. Perioden er avgrensa til tidspunktet då UNESCO stemmer over om søknaden skal bli innvilga (desember 2024), med eit tillegg av tid der me kan områ oss og vurdera om det skal vera vidare samarbeid. Samarbeidet gjeld Studieforbundet kultur og tradisjon (SKT), Noregs Ungdomslag (NU), Norges Husflidslag (NH), Norsk Institutt for bunad og folkedrakt (NBF) og Norsk folkedraktforum (Nff).
1. Formålet med samarbeidet
Bygge opp en forventing frem mot innskriving av «Bunadbruk i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis» på UNESCOs representative liste over immatriell Kulturarv.
Vi er enige om at
a) Vi har en forpliktelse overfor alle berørte i nominasjonsprosessen og som har vært involvert i søknaden.
b) Vi vil utarbeide en felles, politisk plattform for bunad som er klar ved innskriving.
c) Vi ønsker å jobbe med en langsiktig horisont for arbeidet med bunad og at dette arbeidet skal føre til varige endringer for feltet.
d) Vi skal arbeide for bedre rammevilkår for bunadsproduksjon i Norge.
e) Bunadbruk er en sentral del av norsk kleskultur. Dette speiles ikke i politiske prosesser (utdanning, kultur og næring).
Styret handsama framlegget til avtale på møtet 26.9.23 og skriv under på samarbeidsavtalen.
7. Eit muleg Erasmus+ samarbeid med Ungarn: The Craft.me initiativ
Me har fått invitasjonen frå Hungarian Heritage House (HU) i Budapest, Ungarn. Solveig Grinder i Norges Husflidslag ivrar for at dette kan vera noko for oss. Ho seier institusjonen i Ungarn er seriøs og dyktig. Styret er stemt for å delta i drøftingane om prosjektsøknaden for å sjå om det er relevant.
Eg prøver meg på ei omsetting av det eg ser som hovudpunkt i prosjektet:
The Craft.me initiativ vil lage ein omfattande digital læringsplatform. Dei har derfor formulert prosjektet «Europeiske hovudplagg». Formålet er å visa mangfaldet i vår kulturarv, med søkelys både på det som er felles og det som viser det unike, det særprega (i dei ulike hovudplagga). Prosjektet har som mål å formidla denne kunnskapen som vaksenopplæring gjennom å utforma, bygga og testa ein læringsplattform. Denne plattforma vil formidla ein online database over hovudplagg som finnes ulike europeiske samlingar, både private og offentlege. Læringsplattformen vil omfatta teknikkar knytta til materialer, vist gjennom demontrasjonsvideoar. Desse skal instruera brukaren steg for steg. Utvikling av metodikken vil skje i samarbeid mellom deltakarane i prosjektet i den innleiande fasen.
Det er også formulert kva innhald den digitale plattforma kan ha.
Solveig Grinder i Norges Husflidslag ivrar for at dette kan vera noko for oss. Ho seier institusjonen i Ungarn er seriøs og dyktig. Førebels er dette på planleggingstadiet i Ungarn. Dei må få med seg fleire partnarar i ulike land for å senda søknad. Me vil i så fall vera ein av desse.
Styret har drøfta framlegget og vurdert følgjande: Det kan vera ei god oppfølging av Hovudplagg- prosjektet vårt. Me har festa oss med muligheten til å få formidla eitt eller fleire døme på håroppbinding digitalt i ein database. Den erfaringa kan me så knyta til eit norsk prosjekt eg vil foreslå. Det går på samarbeid med NBF om ein database over dei folkedraktbaserte bunadene som me i Nff arbeider med. Eg ser for meg ein database der folk kan finna alt frå dei gamle folkedraktplagga, til fortelling om rekonstruksjonsarbeidet, til produksjon og bruk i dag. Pr. i dag kan ein finna folkedraktplagg på DigitaltMuseum.no, men då berre som enkeltplagg. Dei blir ikkje sett inn i ein samanheng.
Dersom me blir med på Erasmus-prosjektet, så vil me knyta internasjonale kontaktar som er relevante. Ein søknad om støtte til ein norsk database vil få større tyngde om me kan visa til at me også har internasjonale erfaringar på feltet. Det kan også gjera oss meir synlege som organisasjon her heime.
Me skal berre vera støttemedlem i prosjektet. Og vår føresetnad er at utgifter til prosjektet blir dekka av prosjektet. Me må også finna folk blant medlemmane våre som ønskjer å vera med.
Er dette noko som synes relevant og spennande?
8. Fagdagane 2023 på Fagernes 25.-26.september
Fagdagane 2023 er over. Det var flott å bli fotograferte fint bunadkledde ute på Vesleøye.
Det var det fotografering til eit nytt digitalt læreverk for bunadstilverkarar. Fagernes hotell tok imot som vanleg. Dei klarte å finna rom til oss, sjølv om hotellet er prega av flaumen tidlegare i haust. Han sette konferanselokala i kjellaren under vatn, og utan av bruk for oss.
Meir enn 100 deltakare frå våre ulike bunadsorganisasjonar. Me hadde fokus på handverket og utdanninga til bunadstilverkar. Me fekk gode foredrag om perler i folkedrakter, og fordelte oss på ikkje mindre enn åtte ulike kurs i saum, trening og veving med perler. Mange sette pris på at Nff sin tidlegare leiar, Hill Aina Steffenach, var blant førelesarane.
Det var gledeleg mange lærlingar i bunadstilverkarfaget med. Magnhild Peggy Jones Gilje tok sveineprøva veka før ho presenterte sitt liv som lærling på Fagdagane. Me gratulerer med fagprøven og ønskjer Magnhild lukke til vidare.
9. Nordisk draktseminar på Island 8.-12.august 2023
Seminaret opna på Nasjonalmuseet i Reykjavik. Der fekk me også sjå utstillinga av islandske drakter. I tillegg lånte museet ut ein stakk brodert av Guðrun Skúladottir på 1700-talet som me fekk sjå i Reyholt kyrkja. Gjennom tre dagar på Reykholt, fekk me gode føredrag om broderi og annan utsmykking av draktene frå alle landa. Me fekk gode innslag frå Norge. Ann Kristin Moe drøfta den broderte bunadstradisjonen frå Hulda Garborg opp mot broderte bunader som var nærare knytt til folkedraktbroderi på 1800-talet. Agnete Sivertsen presenterte rikdommen i bringeduken frå Hardanger. Bjørn Sverre Hol Haugen fekk eit innsmett om draktutstillinga på Norsk folkemuseum som er under planlegging og Ragni Engstrøm Nilsen presenterte boka om Kvinner i bunadshistoria.
Det vil koma ein skriftleg rapport om seminaret. Her ser det nokre glimt frå det rikhaldige programmet. No er det fem år sidan sist det var nordisk draktseminar med deltakare frå alle dei nordiske landa. I år var også Grønland og Færøyane representerte blant dei til saman 50 deltakakane.
Camilla Rossing frå Institutt for Bunad og Folkedrakt fekk med seg tolv norske til Island. Det var den største nasjonale kontingenten. Styret meiner dette er ein viktig stad for å bli kjend med draktkollegaer og difor viktig i den vidare rekrutteringa av fagfolk i bunadsarbeidet vårt.
Me ga difor stipend til ein lærling i bunadstilverkarfaget, Magnhild Peggy Jones Gilje.
Tananger, 10.10.2023
Styret i Norsk folkedraktforum,
Målfrid Grimstvedt, Ellen Rundereim, Helge Gudheim, Astrid Tanem Husøy, Camilla Goffeng- Varamenn: Ole Kristian Gundersen og Lise Skoug Obel.
—————————————————————————————————————————————————————————————————
Gode medlem!
Styret arbeider med dei siste detaljane før me kan invitera til studietur. Hold av datoane 12. til 15. oktober! Då møtes me i København og bruker dagane til å besøka draktutstillingar, Nordmandsdalen og ikkje minst å vera saman med Anna-Margrethe Jonsson frå Danske folkedansere. Ho vil gje oss innføring i arbeidet dei driv på fleire plan. Ho vil også presentera oss for si eiga draktsamling. Me ser fram til eit djupdykk i danske folkedrakter.
Programmet er i ferd med å ta form. Så de kan venta på invitasjon og program i juni. Sjå fram til eit spennande program der perler i bunad og folkedrakt vil stå på programmet – både teoretisk og praktisk.
Det blir arrangert nordisk draktseminar, vanlegvis kvart tredje år. No er det fem år sidan sist. Seminaret har deltakare frå alle dei nordiske landa, omlag 12 stk. frå kvart land. Institutt for bunad og folkedrakt inviterer norske deltakare frå sine samarbeidspartar til å delta. Frå oss reiser leiar Målfrid Grimstvedt og Astrid Tanem Husøy. Styret har i tillegg gjeve stipend til bunadslærling Magnhild Peggy Jones Gilje, slik at ho også blir med. Nff fekk tilbod om fleire deltakare. Ein til meldte seg. Så me blir ein god delegasjon på Island første veka i august.
Det har i fleire år vore oppfordra til å få i gang lokalt eller regionalt arbeid innan Nff. Så då er det gledeleg at me kan lesa om Sør-Østerdal drakthistorielag som blei stifta stifta med stiftingsmøte, festmiddag og festtale. Styreleiar er Helga Møller Berg, styremedlemmer Heidi Glesaaen og Marit Odden og vara Inger Østli. Me ønskjer lukke til med arbeidet! Er det fleire som kan melda om samarbeid i sitt distrikt?
I fjor spurde tekstilkomiteen i Nff på Facebook-sida om det var interesse for å få til eit nettverk for vevarar, og inviterte folk til å melde seg. Fem personar melde den gongen si interesse, og me sende e-post-adressene til dei – i håp om at dei sjølve tok tak i saka og knytte kontakt. No har me gjenteke invitasjonen, og fått ein vevar til som har meldt interesse. Om det er fleire, så send ein e-post til helge.gudheim@online.no. Nffs tekstilkomite ser si rolle i denne saka avgrensa til å vera ein kontaktskapar, slik at vevinteresserte kan finne saman. Dei to andre i tekstilkomiteen er Helga Møller Berg og Mona Løkting.
Me drøfter no om det kan vera aktuelt å laga ei Facebook-side som kontakt mellom vevarane i Nff.
Nå har utstillinga vår vore på vandring i eit år. Ho kom til Stavanger i mars. Men då var det så travelt på museet at opninga blei ikkje markert særskilt. Difor laga me program 27.april. Bondeungdomslaget i Stavanger har ein brurebunad til utleige. Ellen frå Nordaker Bunader blei kledd opp. Så gjekk me inn i utstillinga «Huldresølv» der originalen, Hyls-kruna frå Suldal er utstilt. Her ser me også foto av den gamle kruna som var i bruk til 1920-talet.
Utstillinga blir ståande i Stavanger til oktober. Då skal han til Hardanger folkemuseum, Utne før han våren 2024 går vidare til musea i Sogn og fjordane. I juli kjem han til Nordleik i Arendal. Hausten 2024 blir han å sjå i Oslo – på Det Norske Teateret.
Mykje har skjedd sidan me var på Toten på seminar og årsmøte i mars. Der hadde ikkje vinteren sluppe taket. Takk til Ellen Rundereim som saman med Lise Talleraas planla og la til rette for eit innhaldsrikt og spennande seminar.
Me budde på Sillongen Toten hotell og hadde kurs, seminar og årsmøtet i Vollumfjøset på amtmannsgården Stenberg.
Nytt av året var at me inviterte til kurs i tilpassing fredag. Joar Vaagø og Camilla Goeffeng var lærare for åtte elevar som fekk hjelp til å tilpassa sitt eige plagg til kroppen. Det blei eit populært og nyttig kurs, fekk me høyra frå deltakarane.
Fredags kvelden var det medlemmanes time.
Då fekk me sjå dei to rullane med handvove stakkestoff til ryfylkebunaden som Lise Skoug Obel har vove i vinter. Eli Olsen frå bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag tok imot. Det er ho som i si tid laga vevoppskriftene ut frå stoffbitar innsamla i Rogaland i 1745. Longs frå Kvåle blei etterlyst, og Astrid Lilleås sa at ho har eit lager. Dina Harkmark Lie etterlyser skospenner som ho ønsker å låna for kopiering.
Anny Strand tok oss med på oppdagingsferd blant lauslommar og luer. Mange detaljer skal på plass når ein vil kopiera broderi og annan dekor.
Evald Kvem var med på festmiddagen og underholdt med Prøysen-viser. Ein fin formidlar.
Laurdagen var me samla til seminar. Evald Kvem frå Mjøsmuseet tok vel imot oss. Han gav oss ei innføring i tekstiler og bunader som er i museumseige.
Ellen Rundereim fortalde kva skiftemateriale kan gje av innsyn i drakta på Toten.
Lise Talleraas snakka om motens påverking av klesskikken og kunne visa oss spennande draktplagg i privat eige.
Etter Peder Kihle Schønsby si engasjerte innføring i emne Toten-knivar fekk me ein ny forståing for denne handverksbygda.
Bjørn Bækkelund trakk fram arbeidsklede frå skogen. Det er plagg det ikkje finnes for mange av i musea.
Sundag var det årsmøtet. Her blei ny formulering av paragraf 1 vedteken etter litt diskusjon. Resten av sakene blei gjennomgått utan store kommentarar.
Målfrid Grimstvedt blei gjenvalgt som leiar for eitt år. Helge Gudheim og Camilla Goffeng blei gjenvalgte for to år.
Jakob Bjerkem og Oddrun Larsen blei takka av som varafolk til styret. Me kunne ønska Ole Kristian Gundersen og Lise Skoug Obel velkomne som nye varafolk.
Etter mange års arbeid og vinterens intense søknadskriving, så kom bekjeden frå Kulturdepartementet 28.mars: Norge søker om at den norske bunadbruken må bli teken opp på UNESCO si liste over immatriell kulturarv.
Samarbeidet som Norsk folkedraktforum har med Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet Kultur og Tradisjon har nådd ein stor milepæl.
Svaret får me i 2024, men arbeidet me å synleggjera god bunadbruk er noko me må arbeida med både fram til den tid og vidare.
26. april ba me inn til Bunadfest i Teatersalen i Oslo for å feira søknaden og takka dei som har støtta arbeidet. Du kan lesa om festen her: https://www.bunadbruk.no/artiklerfraprosessen/hjarteleg-og-kongeleg-bunadfest
Tananger, 22.5.2023
Styret i Norsk folkedraktforum
Målfrid Grimstvedt, Ellen Rundereim, Helge Gudheim, Astrid Tanem Husøy, Camilla Goffeng. Varamenn: Ole Kristian Gundersen, Lise Skoug Obel.
——————————————————————————————————————————————————————————————————-
Gode medlem! Tananger, 31.1.2023
Godt nytt bunadsår!
Her kjem invitasjonen til årsmøte med fagseminar og kurs – tre spennande dagar på Toten 17. – 19. mars. Håper mange finn vegen dit.
Merk dato for påmelding: 18. februar med betaling innan 26. februar. De får tilsendt faktura for betalinga.
Me kan elles gled oss over at utstillinga vår er på god tur rundt i landet. Det er muleg av di mange, både medlemmer og andre, hjelper til. Her er det Helge Gudheim, Nff og Truls Strand, Maihaugen som pakkar ned.
Styret i Norsk folkedraktforum
Målfrid Grimstvedt, Ellen Rundereim, Helge Gudheim, Astrid Tanem Husøy, Camilla Goffeng. Varamenn: Jakob Bjerkem, Oddrun E Larsen
————————————————————————————————————————————————————-
Gode medlem! Tananger, 7.12.2022
Jul står for døra, men me legg litt planar for året som kjem før den tid. Første samling i 2023 blir årsmøtet i mars. I januar er det tid for å betala kontingent for det nye året. Håper alle blir me oss vidare.
På dei neste sidene skriv me om spennande ting som er gjennomført denne hausten. Arbeidet med folkedrakt og bunad har vore i fokus for mange.
Årsmøte i Norsk folkedraktforum 19.mars 2023 på Toten hotell, Sillongen.
Årsmøtestad og tid skal gjerast kjend tre månader på førehand. Du er med dette varsla om tid og stad.
I valkomiteen sit Anny Lømo Strand (anny@bunadtilvirkerne.no tlf 970 64 009, Hanne Yndestad Aadland og Helga Reidun B. Nesset.
Haustseminaret i Stavanger 28.-30.oktober
Seminaret blei gjennomført etter programmet med 40 deltakare. Fredagskvelden blei brukt til medlemmanes time. Laurdag var me på Stavanger museum heile dagen. Kristin Guldbrandsen frå NBF ga oss eit fin foredrag om dei ulike typane kjeldemateriale som trengs for å rekonstruera ein folkedrakt. Ein god bakgrunn å ha då me fekk sjå den store bunadsutstillinga på museet. Her blir bunaden sett frå mange ulike vinklar, både historisk og dagens utfordingar. Her såg me også noko av bakgrunnsmaterialet til kvinnebunaden frå Ryfylke som bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag har rekonstruert, i samarbeid med NBF. Nemnda presenterte arbeidet sitt etterpå og alle fekk høve til både å sjå og ta på dei rekonstruerte plagga.
Sundag føremiddag var det kurs i tyllbroderi til luestrimmel, flossekant til mannlue; slitesnor og skoduk til stakken, alle kurs knytta til dei rekonstruerte bunadene i Rogaland.
For dei som ikkje måtte dra like etter lunsj, var det ei byvandring som enda på hermetikk- og grafisk museum, IDDIS
Foto frå seminaret. Øvste rad: Rokokkoprega trøyer og liv som er kopiert til Ryfylkebunaden. Mannstrøya som er kopiert. Begge foto få bunadsutstillinga på Museum Stavanger.
Andre rad: Bunadnemnda i Rogaland før foredraget. Kristin Gulbrandsen frå NBF.
Tredje rad: Einar Sandstøl var god guide på IDDIS. Engasjerte kursdeltakarar lærer tyllbroderi mm. Fjerde rad: Fornøgde deltakare på festmiddagen laurdag. Alltid kjekt å sjå folk i bunad.
Arbeid med rekonstruerte bunader var med i den nasjonale finalen til
Frivillighetsprisen 2022
Det er ikkje ofte at nokon frå det frivillige kulturvernarbeidet når fram i denne årlege kåringa. Då er det ekstra kjekt at det er tekstilt arbeid som blir trukke fram i lyset. Dei tre kvinnene i bunadnemnda i Rogaland Ungdomslag blei nominerte av fylkeslaget sitt til den nasjonale prisen for 35-40 års innsats.
Ragnhild, Daghild og Eli med plaketten for året 2022.
Her var dei ein av 504 kandidatar. Daghild Håvardsholm, Ragnhild Ulland Ødegaard og Eli Olsen gjekk til finalen saman med fem andre kandidatar. Dei har hatt eit omfattande program etter dette.
16.november var dei på gjestebod hos Kronprinsen og Kronprinsessa på Skaugum, saman med andre frivillige. Det blei laga film om dei, teke opp på bunadkurset i Stavanger og brukt under avstemminga på nettet. Filmen ligg på YouTube. Takk til alle som var med på å stemma på dei.
5.desember var det FNs Frivillighetens dag, med stor markering og festførestilling i Oslo. Her møtte både finalistane og mange støttespelare og ein heiagjeng frå Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet, dei fleste av desse i bunad. Bunadnemnda gjekk ikkje av med førsteplassen, men fekk ein fin dag som blei avslutta med hyggeleg middag.
Me er i festsalen på Sentralen i Oslo og venter spent på at programmet skal starta. Den tomme stolen er til fotografen, Målfrid Grimstvedt.
Hovudbunadutstillinga står nå på Maihaugen
Vandreutstillinga vår blei flytta frå Vefsn museum i Mosjøen til Maihaugen på Lillehammer. Her blei utstillinga opna av Helga Reidun B. Nesset 6. november i samband med at Lillehammer Husflidslag feira 90 år med stor bunadsdag på Maihaugen.
På Lillehammer er det Mona Løkting som er Nff sin representant. Det er viktig at ein frå dei lokale nemndene er med når ting skal pakkast opp og pakkast ned.
Utstillinga står til midt i januar. Då flytter ho vidare til folkebiblioteket i Vang, Valdres. Der er det Helge Gudheim som har ansvar frå Nff og kan svara på spørsmål.
Helga Reidun B. Nesset. Foto: Mona Løkting
Så står det att å ønskja alle saman ei velsigna julehelg! Takk for samarbeid i året som renn ut!
Styret i Norsk folkedraktforum
Målfrid Grimstvedt Ellen Rundereim
Helge Gudheim, Astrid Tanem Husøy, Camilla Goffeng, Jakob Bjerkem, Oddrun E Larsen
——————————————————————————————————————————
Gode medlem!
Tananger, 5.10.2022
Håper alle har hatt ein god sommar! Nå er me alt i gang med ein spanande haust med mange tilbod
for folkedrakt og bunad interesserte.
I styret er me også glade for å kunna ønska velkommen til mange nye medlemmar. Pr. nå i år har me 11 nye, av 140 til saman. Håper de finn dykk til rette og får høve til å delta på seminar og årsmøte. Det er her me treffest og knyter nyttige og hyggelege kontaktar.
Dei som ikkje får høve til å komma til Stavanger kan sjå fram til årsmøtet til våren, mest truleg på Austlandet. Me har også eit spanande tilbod om helgekurs i november, denne hausten. Sjå lengre nede i sendinga.
Hugs å følgja med på nettsida vår: http://norskfolkedraktforum.no/ og på Facebook, der sida vår har 1466 medlemmar pr. dato.
Haustseminaret i Nff i Stavanger 28.-30.oktober
Det blir seminar med stor deltaking. Heile 39 personar vil samla seg i Stavanger denne helga. ̈
Sundag føremiddag blir det tre ulike kurs. Her treng me påmelding, så dei som skal på seminaret vil få nærare informasjon og må melda seg på det kurset dei ønskjer.
Eli i stripestakk frå Ryfylke studerer Dreiers akvarellar på utstillinga til Stavanger museum. Foto: MUST
Fagdagane 12.-13.september på Fagernes:
Koss er bunaden meir berekraftig enn andre klede i garderoben?
Fagdagane samla som vanleg godt over 100 deltakare, blant desse var om lag ein fjerdepart våre medlemmar. Sidan det offisielle programmet først begynte med lunsj måndag, fekk me til eit ekstra innslag på føremiddagen, etter initiativ frå May Bertelsen. Ho hadde med eit breitt utval av plantefarga garn som ho fortalde om. Signe Magnus ga oss ei innføring i nålebinding, med tekstilprøver å kjenna på. Mange blei overraska over kor mange variantar det er innan den teknikken. Dina Harkmark Lie hadde med sko og fortsette der ho slapp på Stiklestad med å fortelja om sitt arbeid med gamle sko. Takk for innsatsen!
Full konsentrasjon rundt bordet. Foto: Målfrid Grimstvedt, Nff
Lise Skoug Obel heldt eit interessant innlegg om sitt arbeid med rekonstruksjon av historiske stoff, eit spennande detektivarbeid. Helga Reidun Nesset presenterte hovudbunadprosjektet ved
m.a. å presentera modellar i ulik type hovudplagg, noko som blei toppa av Grethe Rudi Braathen som sette opp konfirmant Marit med jentebore.
Foto: Mona Husby, Noregs Ungdomslag Foto: Mona Husby, Noregs Ungdomslag
Opplæring av bunadtilverkare stod i fokus tysdag, med innslag frå Hjerleid Handverkskule på Dovre, som nå har fått tilbod på VG2 Søm og tekstilhåndverk. I Oslo tilbyr Edvard Munch VGS både eit 2 årig løp med svennebrev og eit treårig løp der ein i tillegg får studiekompetanse. Det gjeld for elevar frå Oslo.
Den delen fekk ikkje denne referenten med seg, for då var heimreisa begynt.
Før festen på laurdagskvelden blei det organisert fotografering av alle bunadkledde, organisert fylkesvis, så vel som saman. Dette er foto som er tilgjengelege her: https://www.flickr.com/photos/noregsungdomslag/sets/72177720302422333/
Siste del av programmet var knytta til den varsla miljømerkinga av alle typar tekstilar i EU. Her ligg det an til all ull og bomull kjem sers dårleg ut, medan syntetiske, oljebaserte tekstilar blir kåra som dei mest miljøvenlege. Professor Ingunn Grimstad Klepp og journalist Tone Tobiassen ga oss ei innføring i kva dette eigentleg handlar om og kva som blir gjort for å påverka utfallet. Ei godt og viktig innlegg som blei vidareført i ein samtale med ein stortingspolitikar.
Hovudbunadsutstillinga er på vandring
Hovudbunadnemnda saman med Målfrid G og Ellen R hadde møte på Fagernes sundag før Fagdagane. Me drøfta vidare plan for utstillinga. Ein del museum har vist interesse og er i ferd med å melda frå kva tid dei vil ha utstillinga.
Det var stor interesse for utstillingsheftet på Fagernes. Me selde 44 hefter, pris kr. 50,-. Reknar med at om utstillinga går i fleire år, så vil me trenga opptrykk av brosjyra. Reiserute framover pr. dato:
Ca. 1.9 - 16.10.22: Vefsn museum, Mosjøen
6.11 - 30.12.22: Maihaugen, Lillehammer Våren 2023: Museum Stavanger
2024 – februar til mai: Sunnfjord Museum, Nordfjord
Folkemuseum og De Heibergske Samlinger.
Helgekurs i tilpassing av plagg 18. – 20. november 2022
Me gjentek suksessen frå 2018 med ein workshop for tilpassing av plagg, leia av Joar Vaagø. Astrid Tanem Husøy står for organisering og leiing av helga. Sjå programmet i vedlegget her.
Påmelding til post@norskfolkedraktforum.no snarast mogeleg. Kurset har plass til 12, det vil sei dei som melder seg først.
Vefsn Museum, Mosjøen. Oktober 2022
Dette er det me pr. nå har avklart. Nokre fleire har vist interesse, men tidspunkt er ikkje avklart.
Som styreformann deltek eg på generalsekretærmøta i Kulturvernforbundet kvar månad. Eg har også overteke for Jakob Bjerkem i styringsgruppa for søknaden Bunadbruk på UNESCOs liste over immateriell kulturarv. Søknaden er under skriving og skal sendast tidleg på våren 2023.
Beste helsing frå Norsk Folkedraktforum
Målfrid Grimstvedt Ellen Rundereim
Helge Gudheim, Astrid Tanem Husøy, Camilla Goffeng, Jakob Bjerkem, Oddrun E Larsen
Vedlegg: Helgekurs 18.-20.november i Valdres.
Workshop 18.-20. november 2022 Aurdal Fjellpark, Valdres
Vi inviterer til workshop i november, hvor Joar Vaagø vil veilede i tilpassing av draktplagg.
Vi arrangerte et liknende seminar i 2018. Den gangen jobbet vi med perioden Louis Seize, og vi hadde med draktplagg fra denne perioden.
Se referat fra 2018: http://norskfolkedraktforum.no/referater#/workshop-valdres-2018
Nå har vi ikke satt noen bestemt periode eller tema, men det må selvsagt dreie seg om bunadsplagg.
NB! Ved påmelding må man informere om type plagg man ønsker å jobbe med!
Program:
Fredag:
Oppmøte og kveldsmat.
Vi går igjennom plaggene vi skal jobbe med, og hygger oss litt med å forberede morgendagen.
Lørdag:
Det serveres frokost, lunsj, kaffemat og middag.
Dette blir en intensiv arbeidsdag!
Vi jobber med prosjektene våre, hjelper hverandre, og får faglig veiledning fra Joar. Og vi hygger oss selvsagt. Det er jo lørdag
Søndag:
Frokost. Vi kan gjøre siste finpuss, og ta en liten oppsummering før hjemreise.
(Dessuten minner vi om at Aurdal er ca. 15 min reise fra Valdresmusea. Den faste utstillingen til Norsk Institutt for bunad og folkedrakt ‘Fyrstedamar i Bunad’ er åpen fra kl. 11-16 denne dagen.)
Praktisk info:
Hytta har 7 soverom + hems. Alle soverom har flere senger. Vi må derfor tillate oss å gjøre en organisering av disse ved påmelding.
Pris 2.300,- inkluderer veiledning, overnatting og mat (samt vask av hytta)
Maks 12 deltagere