norsk folkedraktforum har vært så heldige å bli invitert av Norsk institutt for bunad og folkedrakt til seminar med tema "louis-seize". Vi vil legge ut bilder og referat av kurset etter kurset 11-12 november. 

norsk folkedraktforum har vært så heldige å bli invitert av Norsk institutt for bunad og folkedrakt til seminar med tema "louis-seize".

Vi vil legge ut bilder og referat av kurset etter kurset 11-12 november. 

IMG_4473.PNG

Foto: Anny Strand


Organisasjonen Norsk folkedraktforum (Nff) vart stifta i 1995 og er ein landsomfattande organisasjon som arbeider med bunader som er i samsvar med den folkelege draktskikken i Noreg. Som medlem i Norsk folkedraktforum vil vi ivareta tradisjonelt handverk og vidareføre kunnskap om materiell og immateriell folkeleg drakttradisjon. Vi vil synleggjere dette gjennom bunadbruk i dag.

 


Foto: Anny Strand


Om medlemskapet
Nff er ein organisasjon med personleg medlemskap. Dei som sluttar seg til formålet i §1 kan bli medlemmer.

§1 i vedtektene - formålsparagrafen - er slik:
"Norsk folkedraktforum er ein landsomfattande organisasjon som arbeider med bunader som er i samsvar med den folkelege draktskikken i Noreg.
Som medlem i Norsk folkedraktforum vil vi ivareta tradisjonelt handverk og vidareføre kunnskap om materiell og immateriell folkeleg drakttradisjon. Vi vil synleggjere dette gjennom bunadbruk i dag."


Nedanfor har vi tatt med Norsk institutt for bunad og folkedrakt sin inndeling av norske bunader/drakter.
Det er bunader av typene 1, 2 og 3 som er innafor arbeidsområdet for Norsk folkedraktforum.

Kva slags bunader/drakter har me?
Svært forenkla kan bunadene delast inn i grupper, alt etter kva bakgrunn dei har. I praksis er det likevel glidande overgangar mellom dei ulike gruppene. Inndelinga er fyrst og fremst ei hjelp til å forstå dei historiske samanhengane og ikkje noko fullverdig «klassifiseringssystem».

1. Bunader som representerer siste lekk i ei folkedraktutvikling. Folkedrakta, særlig til fest- og høgtidsbruk, fekk etterkvart ny interesse og funksjon som bunad.

2. Bunader som har bakgrunn i ei folkedrakt som var gått or bruk, men som ikkje var gløymd. Mange visste korleis bunaden måtte vera i store drag, og til dels tok ein i byrjinga i bruk gamle plagg.

3. Bunader som er systematisk rekonstruerte på grunnlag av bevarte, gamle folkedraktplagg, som er frå same område og periode og har tilhøyrt same drakttype. Alle andre kjelder som fortel om drakttypen, t.d. skriftlege opplysningar, biletstoff og munnleg tradisjon er nytta.

4. Bunader som er laga på grunnlag av eit tilfeldig og mangelfullt gammelt draktmateriale. Dei delane ein ikkje fiann førbilete til, har ein utform i stil med resten av drakta.

5. Drakter som heilt eller delvis er fritt komponerte eller har mønster frå andre ting enn klede. Det er grunnlaget i den tidlege bunadrørsla som har gjeve ein del av denne gruppa innarbeidd bunadstatus. Framleis kan ein i dag ofte sjå at ein del fritt komponerte drakter vert oppfratta og marknadsførste som bunader utan at dei har noko slags rot i ein tradisjon. Dersom ein utarbeider slike drakter i dag, bør dei ikkje kallast bunad.

Seinare tiders bunadsarbeid har hatt ei noko anna vinkling: Hovudmålet i vår tid er at bunaden skal vera ein best mogleg kopi av ei lokal folkedrakt slik ho var i bruk i ein tidsperiode. Då kan ein til dømes ikkje ta omsyn til at bunaden berre skal vera produsert med lokalt framstilt vyrke, eller at han skal stemma med det innarbeidde idealet for korleis bunader «ser ut».