Kva slag bunader / drakter har me?
Svært forenkla kan bunadene delast inn i grupper, alt etter kva bakgrunn dei har. I praksis er det likevel glidande overgangar mellom dei ulike gruppene. Inndelinga er fyrst og fremst ei hjelp til å forstå de historiske samanhengane, og ikkje noko fullverdig «klassifiseringssystem».

Inndelinga av bunader i fem katogoriar vart fyrst lansert av Landsnemnda for bunadspørsmål i 1980. Dagens Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) fekk endra og utvida formål i 2008, og innhaldet i dei fem bunad-kategoriane har etter det vorte noko endra. Dette gjeld særleg punkt 5.

Det er bunader i gruppene 1, 2 og 3 som er innafor arbeidsområdet for Norsk folkedraktforum.

1. Bunader som representerer siste ledd i ei folkedraktutvikling. Folkedrakta, særleg til fest- og høgtidsbruk, fekk etter kvart ny interesse og funksjon som bunad, utan å ha gått ut av bruk.

2. Bunader som har bakgrunn i ei folkedrakt som var gått av bruk, men som ikkje var gløymd. Trass i at folkedrakta hadde gått ut av bruk, visste mange i store drag korleis ho hadde vore. Til dels laga ein nye plagg etter dette, og til dels brukte ein gamle plagg.

3. Bunader som er systematisk rekonstruerte på grunnlag av bevarte, gamle folkedraktplagg, frå same område, periode og drakttype. Desse bunadane er rekonstruerte frå ei folkedrakt etter at ho var gått ut av bruk. I rekonstruksjonsprosessen har ein nytta kjelder som fortel om drakttypen, til dømes skriftlege opplysningar, biletstoff og munnleg tradisjon.

4. Bunader som er laga på grunnlag av eit tilfeldig og mangelfullt gamalt draktmateriale. Dei delane ein ikkje fann førebilete til, har ein utforma i stil med resten av drakta.

5. Bunader som heilt eller delvis er fritt komponerte. Enkelte av desse har trekk frå folkedraktmaterialet, medan andre har henta inspirasjon frå ulike typar gjenstandar eller plagg.

Seinare tiders bunadsarbeid har hatt ei noko anna vinkling: Hovudmålet i vår tid er at bunaden skal vera ein best mogleg kopi av ei lokal folkedrakt slik ho var i bruk i ein tidsperiode. Då kan ein til dømes ikkje ta omsyn til at bunaden berre skal vera produsert med lokalt framstilt vyrke, eller at han skal stemma med det innarbeidde idealet for korleis bunader «ser ut».