Kontakt oss på epost: post@norskfolkedraktforum.no


Vil du bli medlem i Norsk folkedraktforum?

Me ynskjer fleire medlemmer til Nff. Spesielt oppfordrar me dei frå den yngre garde med interesse for bunader som baserer seg på den folkelege draktskikken til å melda seg inn hjå oss.

Alle som sluttar seg til formålet i §1 kan bli medlemmer i Norsk folkedraktforum. Slik er det:

«Norsk folkedraktforum er ein landsomfattande organisasjon som arbeider med norske bunader som er ei vidareføring av folkedraktene som ikkje var ute av bruk før dei vart tekne i bruk som bunader, eller bunader som er rekonstruerte folkedrakter. Som medlem i Norsk folkedraktforum vil vi ivareta tradisjonelt handverk og vidareføre kunnskap om materiell og immateriell folkeleg drakttradisjon. Vi vil synleggjere dette gjennom bunadbruk i dag. »

Medlemskapet er personleg.
Kontingent
a. Kontingent er kr. 650, -.
b. Kontingent for elevar / studentar / lærlingar er kr 100, - pr år.