Nff haustseminaret 2009: Folkedraktene i Luster i søkelyset.

 

Helga 25. – 27. september gjekk 23 folkedraktentusiastar i kunstnarane sine fotefar i indre Sogn. Norsk folkedraktforum hadde denne gong lagt haustseminaret sitt til Luster. I den anledning spora dei opp naturen og den lokale draktskikken som kunstnarane måla i bileta sine, for 150 år sidan. 
I tillegg var den praktiske aktiviteten på seminaret, applikering på ullstoff med leggsaum, ein teknikken som er mye brukt i Sogn.

 

I kunstnarane sine fotefar. 
Ein powerpoint-presentasjon av kunstverk laga av Flintoe, A.Tiedemand, H. Gude og I. C. Dahl blant mange, var oppløpet til turen rundt Lustafjorden. Med buss, båt og buss att, gjekk turen til Solvorn – Ornes – Kroken med besøk i Munthehuset, der mange av kunstnarane hadde oppheldt seg da dei måla miljøa rundt fjorden. 

Vidare gjekk turen til Saftmuseet Lerum, på Sørheim. 
Fruktdyrkinga i Sogn er godt kjent i heile landet, derfor var dette eit koseleg møte med den første Lerum saftfabrikk. 

Vegen vidare, rundt om Skjolden og til Luster enda med omvisning i den 750 år gamle Dalekyrkja. Her vart seminardeltakarane underhelde av Asbjørg Ormberg, med gamle salmetoner frå Sogn. 
 

Applikasjon med leggsaum. 
Den praktiske aktiviteten på seminaret var applikasjon med leggsaum. Fine mønstre klyppast ut i ullstoff og syes fast på same type stoff, med leggsaum. Den lyse lintråden som blir nytta, rammer inn mønstret og gjer det godt synleg. Denne type applikasjon er brukt som dekorasjon på stakkekanter, bringekluter og barneluer. Teknikken har lang tradisjon i midtre og indre Sogn, og er å betrakte som ei skattekiste.


Sognedrakter og atelieret i Dalsdalen.
Bjørg Hovland sitt rekonstruksjonsarbeid av kvinnedrakta i Indre Sogn er godt kjent blant medlemmene i Norsk folkedraktforum. Men likevel vart møtet med draktatelieret i Dalsdalen ei stor oppleving. Gamlestova på Øygarden var fylt med gamle bilete, litteratur, ei samling små draktdokker, orginale draktdeler og omlag 10 bunader på byster. Dei påkledde bystene presenterte ein stor variasjon i bunaden. Det er verd å merke seg at ei rekonstruert drakt innehar valgemoglegheit i samansetning av fargar og stoff, innafor eit historisk avgrensa stoffutvalg. Snittet i plagget er begrensninga, det er fast.