Årsmøtehelg i Orkdalen

«Folkeleg motedrakt» var temaet på Nff sitt fagseminar under årsmøtehelga på Bårdshaug Herregård i Orkdalen 25. – 27. mars 2011.

Tekst: Helga Reidun Bergebakken Nesset   Foto: Helga Reidun Bergebakken Nesset og Bjørg Astrid Rørstad

Med ei solid innføring i den folkelege draktskikken i Orkladalføret på 1800-talet, la Jon Fredrik Skauge grunnlag for resten av helga. Folkeleg motedrakt er utviklingsperioden mellom folkedrakt og bymote, ei meir moteprega folkedrakt.

Håkan Liby, styrar ved Upplandsmuseet, er opphavet til dette uttrykket. Med fordjupning i draktskikken frå fleire områder i Sverige, underbygde han påstanden gjennom foredraget «Folkelig motedrakt, utvikling av et begrep».

Erik Thorell, som er leiar ved Klädkammaren ved Skansen i Stockholm, tok fatt i draktskikken i Gagnef, under tittelen «vad som er på modet här» – lokalt särpräglat dräktskick i Gagnef socken, Dalarna. Han teikna eit bilete av folkedraktene og inndeling av draktområda utifrå næringsliv og samferdsel , samt samværsformer og sosiale regler.

For å ta opp eit tilsvarande norsk tema, heldt konservator Bjørn Sverre Hol Haugen foredraget «Folkelig motedrakt, eksempler fra Østlandet», der han heldt seg til Solør-Odal, Hedemarken og sørlege delen av Østerdalen.

Camilla Rudrud, konsulent ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt, snakka om «Folkedrakt i Gudbrandsdalen» med same problematikk.

Bedriftbesøket denne gong var lagt til Reinhekla, til Fannremsganden, der Jon Fredrik Skauge driv gardsbutikk, og har systue, m/ stoffer og tilbehør. I den koselege storstua fekk deltakarane servert kaffe og skjebladkak. I tillegg kunne spelemannen Sturla Eide gje oss eksempler på slåttemusikken frå Orkdalsføret.