Utdrag fra fagdagen 2020

  Rekonstruksjoner fra Østfold og Ryfylket.

Målfrid Grimstvedt og Eli Olsen fortale om den rekonstruerte bunaden fra Ryfylket. Kari Filberg og Bjørg Lundby gav et innblikk i arbeidet med den rekonstruerte kvinnebunaden fra Østfold.

Begge bunadene bygger på den folkelige rokokkomoten fra 1700-tallet og viser den mangfoldige materialbruken fra kyststrøkene våre


Foredrag av Jon Godal

Jon Godal er med og organiserer ei utstilling av om lag 30 gamle Nordmørsbåtar. Du ser at dei alle er laga i same distriktet, i den same båtbyggarskikke. Jon er veldig opptatt av byggeskikk, kleskikk og dette sett i samanheng med handverk. Han er opptatt av at bunaden har si rot i bygdekulturen. På bygda rådde ikkje laugsvesenet for handverkarane. Hennes følgde du ikkje meisteren og laga det lovmessig riktige - på bygda arbeider du deg inn i tradisjonen, og den var ikkje skrive ned, den måtte du berre lære deg - arbeide deg inn i.

Introduksjonsord før Jon Godals foredrag

Vi som arrangerer Fagdag for bunad og folkedrakt 2020 er veldig glade for å få Jon Bojer Godal til å seie nokre ord om tradisjon, handverk, handlag og handlingsboren eller handboren kunnskap. Jon Godal er kanskje den som i Noreg har størst innsikt i dette temaet. Jon Bojer Godal har fått ei rekke utmerkingar, mellom anna: Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs minnemedalje i gull. I 2019 vart han tildelt Urnesmedaljen , Fortidsminneforeningens høyeste utmerkelse, «for hans iherdige innsats for bygningsvernet gjennom vektlegginga av handverkaren og dei tradisjonelle bygningsfaga og vidareføring av dei lokale nyansane».

Kongen utnemnte i oktober 2015 Jon Bojer Godal til kommandør av St. Olavs Orden for sin eineståande innsats innafor tradisjonshandverk.

Vi som arbeider med bunad - altså festplagg som skal formidle noko om gammel tradisjon - vi veit at for å sy ein tradisjonsriktig bunad så er det ikkje nok å vite - ein må også kunne. Jon Godal har spesielt arbeider innafor husbygging og båtbygging. Den erfaringa og kunnskapen han har om materialkvalitet, bygging og handverk er direkte overførbart og gjeld innafor alle tradisjonsfag som til dømes

Matlaging, husbygging, båtbygging, musikk og det å lage en bunad.

Eg høyrte for berre få dagar sidan eit intevju med Sverre Indris Joner som nærmest har blitt ein folkehelt i tangomusikkmiljøet i latin-Amerika. Han vart spurt om korleis ein nordmann kan bli kanskje verdens beste komponist og utøvar på latinamerikansk tango med sitt nesten uforståelege taktsystem. Gjennom «å herme» sa Joner. Å herme er verdens beste opplæringsmetode for alle fag sa Joner. «Eg har brukt år av mitt liv til å spele i lag med dei beste tangomusikarane i Latin-Amerika.»

Se foredraget her.