Årsmøte og fagseminar i Nff,
Sunndalsøra 8. – 10. mars 2019
I 2019 møttes vi til fagseminar i Norsk folkedraktforum på Sunndalsøra.
Vi starta fredag 8. mars med bedriftsbesøk. Vi vart henta med buss på hotellet og køyrt til Tingvoll der vi besøkte Krivi-vev AS, Møre Bånd & Vev AS og Fèlagi tekstiltrykk AS. Mellom desse besøka var det lagt inn lunsj på Tingvoll Økopark på Tingvoll prestegard der også Norsøk ligg.
Bussen tok oss tilbake til hotellet, og middagen vart servert på restaurant Nyhaven som ligg i hotellbygget. Etter middag presenterte Helga Reidun B. Nesset Nff sitt prosjekt «Hovudplagg- og hårmote i bunad og bunadbruk». «Medlemmanes time» stod også på programmet.
Laurdagen starta med workshop. Da kom dagleg leiar ved Husfliden, Surnadal Kari Nordvik og Kari Glærum, Meldal og instruerte i «kvitsaum frå Nordmøre». Etter lunsj besøkte vi Leikvin Museum der Jarle Stavik viste oss rundt.
Kari Elin B. Løvfaldli heldt foredrag om blokktrykk på ullstoff, og Anne Botten Stokke, Valsøybotn demonstrerte teknikken for oss.
Den rekonstruerte Aure- Hemnebunaden kiem frå området. Evelyn Vitsø presenterte bunaden og rekonstruksjonsarbeidet. Nff si «GRAND OLD LADY» på Nordmøre – Rannei Rødseth – fortalte om sitt store arbeid med den rekonstruerte Nordmørsbunaden.
Laurdag kveld var det festmiddag på Nyhaven resturant. Inge Petter Innvik kåserte om Sunndalsøra og aluminiumsverket. Deltakarane stilte som vanleg i bunad.