Nff  Temahelg på Fagernes 2017

 

Temahelg på Fagernes: Stilepoken Louis Seize.

Den 11. og 12. november var eleve av våre medlemmer samla for å få ny kunnskap om stilperioden Louis Seize. Norsk institutt for bunad og folkedrakt hadde lagt opp eit fagleg innhald av både teoretisk og praktisk art. Camilla Rossing ga oss innføring i stilhistoria frå rennesansen, gjennom barokk, rokkokko og inn i Louis Seize-perioden (oppkalt etter Ludvig 16).

Den praktiske delen laurdag var vida saum av knapphol. Bodil Enger hadde laga ein fyldig kompendium som viser ulike varianter av knapphol i folkedraktene våre.

På syndagen vart me presentert utviklinga av tørklebruk. Halskrage og tørkler heng nøye saman. Kristin Guldbrandsen trekte opp utviklinga frå 1500-talet fram mot åra rundt 1900. Den praktiske øvinga gjekk ut på knytting av halstørkler, utifrå forbilder på akvareller og fotografier landet rundt.

Ragni Engstrøm Nilsen ga oss ei grunndig innføring i draktsølvutstillinga. Dette er ei samlinga som NBF har fått, og stiller den praktfult ut for publikum.

Som avslutning på helga heldt instituttet ope hus, der deltakarane fekk anledning til å titte i arkivet, biblioteket og stoffprøvesamlinga.

Takk for mye ny lærdom.