Vedtekter for Norsk folkedraktforum

Vedtekter for Norsk folkedraktforum

Her er vedtektene for Norsk folkedraktforum, frå stiftingsmøtet på Valdres Folkehøgskule 30. september 1995.

§1. Formål
Norsk folkedraktforum er ein landsomfattande organisasjon som arbeider med bunader som er i samsvar med den folkelege draktskikken i Noreg.
Som medlem i Norsk folkedraktforum vil vi ivareta tradisjonelt handverk og vidareføre kunnskap om materiell og immateriell folkeleg drakttradisjon. Vi vil synleggjere dette gjennom bunadbruk i dag.

§2. Organisasjon
Nff er ein medlemsorganisasjon med eigne vedtekter, vald styre og årsmøte. Organisasjonen kan ha lokallag.

§3. Medlemskap
Nff er ein organisasjon med personleg medlemskap. Dei som sluttar seg til formålet i §1 kan bli medlemmer.

§4. Årsmøtet
a) Årsmøtet er det høgste organet i Nff. Det skal vera årsmøte kvart år innan 1. april.
Arbeidsår og rekneskapsår følgjer kalenderåret.
Stad og tid for årsmøtet og adressen til valkomiteen skal gjerast kjent for medlemmene 3 månader før årsmøtet skal haldast.
Innkalling skal skje med minst 3 vekers varsel.

b) Årsmøtet skal handsame:
Årsmelding
Rekneskap
Kontingent
Arbeidsplan
Budsjett
Val

Årsmøtet vel:
Leiar
Styremedlemmer
Varamedlemmer til styret
Revisor
Valkomite

c) Valkomite
Valkomiteen skal ha 3 medlemmer. Til vanleg årsmøte skal den koma med forslag på:
Leiar
Styremedlemmer og varafolk
Evt. andre val
Valkomiteen skal ikkje førebu val av ny valkomite.
Valkomiteen skal nemna alle forslag den har fått.

d) Ekstraordinært årsmøte skal haldast dersom styret finn grunn for det, eller når minst 1/5 av medlemmene krev det. Eit ekstraordinært årsmøte kan berre handsama dei sakene som er årsak til møtet og som er nemnt i innkallinga.

e) Uravstemming. Saker kan også leggast fram for medlemmene til skriftleg avstemming med minst 3 vekers frist.

f) Forslag på saker som skal handsamast på årsmøtet må vera styret i hende seinast 2 månader før årsmøtet.

g) Årsmøtet vel møteleiing og gjer vedtak om forretningsorden.

h) Alle medlemmer som har betalt kontingent for inneverande år og som har vore medlem i minst 6 månader, har tale-, forslags- og stemmerett.

i) Styremedlemmene har stemmerett i alle saker unntatt årsmelding og rekneskap.

j) Avstemming. Avstemming blir avgjort med vanleg fleirtal dersom anna ikkje er fastsett i desse vedtektene. Ved likt stemmetal har leiaren dobbelstemme.

§5. Styret
a) Samansetting.
Nff blir leia av eit styre som er sett saman av leiar og fire styremedlemmer. Leiaren blir vald for 1 år og styremedlemmene for 2 år. Berre 2 av styremedlemmene er på val på kvart årsmøte.
For styremedlemmene vel årsmøtet 2 varamedlemmer i prioritert rekkefølge og med eit års funksjonstid.
Styret vel sjølv nestleiar, kasserar og sekretær.
Styret kan sette ned arbeidsutval som er sett saman av leiar, nestleiar og eit styremedlem.

b) Oppgaver.
Styret leier Nff og gjer alle vedtak som ikkje er lagt til årsmøtet eller delegert til andre organ.
Styret kan sette ned utval for særskilde oppgaver.

c) Styremøter.
Leiaren kaller saman styret til møte så ofte som han finn det nødvendig, eller når minst 2 styremedlemmer ber om det. Styret er vedtaksført når styret er kalla inn, og leiaren eller nestleiaren og minst 3 av styremedlemmene er til stades. Det bør settast opp møteplan.
Varamedlemmene kan vera med på styremøta med tale- og forslagsrett.

d) Styret skal føra møteprotokoll.

§6. Vedtektsendring.
Forslag om vedtektsendring må vera sendt styret seinast 2 mnd. før årsmøtet.
Det må vera 2/3 fleirtal av dei som er til stades på eit vanleg årsmøte eller eit ekstraordinært årsmøte, eller vanleg fleirtal på to vanlege årsmøter etter einannan for at ei vedtektsendring skal bli vedtatt.
Ei vedtektsendring som er vedtatt blir gjort gjeldande frå det tidspunktet årsmøtet er slutt, dersom noko anna ikkje står i vedtaket.

§7. Eksklusjon
Medlemmer som bevisst eller ubevisst motarbeider formålet til organisasjonen kan ekskluderast av styret. Eksklusjonsvedtak i styret kan ankast inn for årsmøtet.

§8. Oppløysing
Forslag om oppløysing må sendast inn som fastsett for vedteksendring. Nff blir løyst opp dersom forslaget får minst 2/3 fleirtal på vanleg årsmøte og mindre en 1/3 av medlemmene stemmer mot det ved etterfølgjande uravstemming.
Eventuelle midlar går til Bunad- og folkedraktrådet til fremje av bunad- og folkedraktarbeidet i Noreg.
Arkivet til Nff skal overlatast til Riksarkivet, privatseksjonen.

Styret 2018

Leder: Mona Løkting

Nestleder: Helga Reidun Nesset 

Sekretær: Joar Vaagø

Styremedlem: May Berthelsen

Kasserer: Torill Torgnes

Varamedlem 1: Astrid Tanum Husøy

Varamedlem 2: Janette Ulvedalen