Fagseminaret i Halden: Ei opplevelsesrik helg!

«Med bakgrunn i Halden by og Fredriksten festning måtte ein gå djupare inn i norgeshistoria enn som så, med alle dei feider, slag og mobliseringer mot svenskene,» fortel Helga Reidun Bergebakken Nesset i dette referatet frå Norsk folkedraktforum fagseminar i Halden 19. – 21. mars.

På bakgrunn i alt uniformsmaterialet som er bevart, vart fagsamlinga vinkla mot militære uniformer og deira innverknad på folkedraktene. Trond Bækkevold frå Elverum rekonstruerer gamle uniformer og bruker dei til historisk gjenskapte arrangement. Han hadde med fleire uniformer og rustning som høyrde til. I foredraget berørte mange av problema som våre medlemmer kjem borti under prossessen med ein rekonstruksjon.

Salene på Fredriksten hadde også utstillinger med daglege gjenstander, og kledrakt. Me fekk sjå noe av det rike draktmaterialet frå garden Ellefsrød.

På laurdag, var turen lagt opp slik at deltakarane skulle få sjå dei historiske uniformene i bruk.Ved ankomst Prestebakke kirke står ein soldat vakt ved bautaen over dei fallende ved slaget i 1808. Kyrkja har den dag i dag merker etter trefningene med kulehol i veggene.

Ved ankomst Prestebakke Skanse vart besøket sett så stor pris på at fem uniformerte, ein offiser, to skarpskyttarar og to menige soldater, avfyrte ein salutt for oss.

Idd historelag v/Jens Bakke sto bak (som formann) ein kjemgod lunsj i ”svenskestua”. I tillegg heldt han oss verkeleg i ånde med å lese og fortelje om den gamle tida rundt Prestebakke. Halmens hus i Bengtsfors, Sverige var eit nytt museumsbygg som var bygd opp for å presentere historia om halmproduksjonen i Dalsland. Frå midten av 1800-talet vart produkter lagd av halm ein verdensproduksjon av klasse. Det heile starta me ungjenta Märta-Stina Gottmann som måtte gå til Tistedalen for å søke teneste. På garden Bjørnstad fekk ho arbeid og møtte der ein tenestedreng som læret henne å flette halmstrå. Han hadde vore til sjøss og lært seg dette i Panama. Ho tok med lærdommen heim att, og ved eit tilfelle laga ho ein stråhatt til mannen sin. Hatten vart så populær at ho lærte bort denne teknikken til fleire. Det førte til eigne industrilokaler, og til slutt vart dette ein verdensindustri. Halmens hus er bygd opp som det einaste museet tufta på halmforedling i Skandinavia, og har ein koseleg museumsbutikken stort sett med varer av halm.

Dalsland i Sverige og dei indre deler av Østfold har nær kontakt, og fleire veger fører over grensa, derfor valgte buss-sjåføren ein anna veg tilbake.

Som avslutning på turen fekk me oppleve det flotte Fredrikshalds Teater, bygd i 1834. Dette er eit av dei få teatrene i landet med skrå scene, 10 meter djup. Kullissene, salen og dei andre romma er restaurert og er i bruk, som teater og til andre arrangement. På loftet hadde Kari Norheim stilt ut gamle kleplagg. Dette var opprinneleg gamle klede, men seinare brukt som kostymer ved teateret.

Festmiddagen laurdag kveld hadde tonefølgje av den svenske rikspellmannen Alban Fürst på nykkelharpe og svensk sekkepipe.


Foto og tekst : Mona Løkting.