ÅRSMØTE I JØLSTER

Årsmøtet for Norsk folkedraktforum i 2007 vart halde på Jølster Hotell sundag 11. mars. Dette gjekk greit, med vanlege årsmøtesaker og valg, som førte til gjenvalg av styret. Dagen før hadde medlemmene opplevd eit innhaldsrikt fagseminar, som var tilrettelagt og dyktig leia av Ann Lundekvam. 

50 personer, frå store deler av landet, deltok på fagseminaret på laurdag. Den lokale arrangøren,  Ann Lundekvam og Aud Sunde, hadde lagt opp eit svært innhaldsrikt program. Ein rundtur med buss starta på Vassenden. 
Første stopp var Astruptunet der det var omvisning v/ Solveig Berg Lofsnes. Deretter fortalde Aud Sunde om blokktrykk på forklede. Vidare gjekk turen til Myklebust Kunst og Handverk A/S med orientering og omvisning. Deretter vart det matkvile på Audhild Vikens vevstove på Skei. 
Derifrå gjekk turen til Sunnfjord Museum, som var hovudattraksjonen denne dagen. Arrangøren hadde laga ei stor draktutstilling. Dei gamle plagga og rekonstruksjonen vart presentert side ved side. Ei imponerande samling – og eit imponerande rekonstruksjonsarbeid! I tillegg fekk dei frammøtte orientering om sølvet i bunadene. To store sølvprodusentar, Vossasølv og Sylvsmia på Voss var tilstades og presenterte dagens produkter.

Etter festmiddagen baud arrangøren inn til teaterframsyning i Løa på Jølstramuseet. Det heile vart opna med felespell, sunnfjordslåttar, avSynnøve Bjørseth. Deretter framførte Kyrre Eikås Ottesen einaktaren ”De va behændele”. Ei flott avslutning på ein begivelsesrik dag!