Magny Karlberg heidra på årsmøtet

 

Sist helg var Jølster hotell staden for ei offisiell hending. Norsk folkedraktforum hadde lagt årsmøtet og fagseminaret sitt til Jølster, og i denne anledningen vart tidlegare direktør i Bunad- og folkedraktrådet tildelt Kongens fortjenestmedalje i gull.

Magny Karlberg har vore leiar for Bunad- og folkedraktrådet i 26 år. Da ho i 1980 vart tilsett var ho den einaste tilsette, på eit lite kontor i Oslo. Sekretariatet fløtta i midten av 1980-åra til Fagernes, til kontorer på Valdres Folkemuseum. I dag er staben på 7 tilsette. Gjennom eit utstrekt feltarbeid, der draktplagg og gjenstander knytt til folkedrakt blir registrert, har Magny Karlberg stått bak og vore ein vesentleg pådrivar. Ho har og verka som ein støttespelar og ein positiv kontaktperson som folk over heile landet har fått teke del i. Gjennom sin kunnskap om norsk og nordisk draktskikk har ho vore nytta som formidlar ut over landegrensene.


Magny Karlberg fekk overrekt Kongens fortjensetmedalje i gull av varafylkesmann i Sogn og Fjordane, Bjørn Tønnesen. Sermonien med overrekking av medalje var ramma inn med hardingfelespel av Sigmund Eikås og helsingar frå Bunad- og folkedraktrådet, både sekretariatet og rådet, Gunhild Aasen frå Numedal, bunadringen i Sunnfjord og Norsk folkedraktforum v/leiaren. 

I takketalen sin takka Magny Karlberg dei frammøtte, medlemene i Norsk folkedraktforum, familie og venner, for at ho hadde fått lov til å arbeide med det ho har hatt lyst til og brent for, nemleg å rekonstruere gamal draktskikk. 
Mange resultat av rekonstruksjon kunne ein sjå denne kvelden, dei aller fleste var kledd i bunad.